Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Pling vaken!

Mer info

Forfattar og skodespelar Irene Ahnéll har med seg skodespelarkollega Mette S. Tønseth og dokkene frå teaterstykket basert på boka. I staden for ei vanleg opplesing, får også Klara- og skåpmonster-dokkene vere med i ein levande presentasjon av boka - og ungane får helse på dei alle fire etter lesestunda. Klara driv mora si til vanvidd med alle små og store påskott til å ikkje sove. Men merkelege ting hender i Klara sitt rom, og Klara forstår at det ikkje er berre berre å vera mamma og prøve å få nokon til å sove....

Pling Vaken er ei historie dei aller fleste vil kjenne seg att i. Men historia har ein fiffig tvist og morosam vri, og det vert ei fornøyeleg stund saman med Klara, monstret, Irene og Mette.

Passar frå 3 år

Sist oppdatert: 01/04/2024

Kilde: Visit Bergen

Sider du nylig har besøkt