Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Ål Kulturhus

Pulverheksa og venene hennar

  • Myren 40, Ål Kulturhus, Ål
  • +47 32085100
  • 3. mai 2017 - 3. mai 2017
  •  /  18:00
  • (1 Upcoming Dates)
Overview

Velkomen til ei heilt ny forestilling med Maj Britt Andersen og alle me kjenner frå Pulverskogen.

Alle gledar seg til det store ballet hjå Draumeprinsen. Men...alt er ikkje som det brukar å vere i Pulverskogen. Tjuven har vorte sint på Politimannen og vil ikkje vere tjuv lenger. Og Politimannen er sur på Tjuven fordi han blir arbeidsledig når ikkje Tjuven vil vere tjuv. Ingen av dei vil kome på ball viss den andre kjem. Og Krokodilla gruar seg til vinteren, så han lurer på om han skal flytte til Afrika.

Alt dette gjer Draumeprinsen så trist at han ikkje vil vere draumeprins meir. Dessutan er det ein diger, skummel skikkelse som rører seg mellom trea og set store fotspor overalt, og gjer alle redde. Kva er det som skjer i Pulverskogen? Blir det ikkje fest? Alt var jo så bra i verdas finaste Pulverskog. Kanskje Pulverheksa kan hjelpe?


Velkomen til ei varm og fargerik forestilling. Nok ein gong er det den barnekjære Spellemannpris-vinnaren Maj Britt Andersen som spelar Pulverheksa – noko anna ville truleg ført til opprør rundt om i landets kulturhus. Og eitt er sikkert: ingen stader er Pulverheksa meir sprell levande enn i teatret. Ein spesiell velkomst til alle små og store troll som skal på teater for aller fyrste gong. Pulverheksa og venene hennar høver for barn frå 3 år.

  • Last Updated: 11.11.2016
  • Source: Hallingdal Reiseliv
Dates
onsdag 3. mai 2017

See All
Click to activate
Ål, Norway
The latitude and longitude
60° 37' 46" N / 8° 33' 41" E
Pulverheksa og venene hennar
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad