Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Riksteatret: Bonnie & Clyde

Samfunnsfiendar eller folkeheltar?
Dei levde saman, rana
saman, drepte saman og døydde saman. Bonnie og Clyde var uskiljande. Hadde dei nokonsinne
moglegheit til å velge eit anna liv?
Det
unge kjærastparet frå slummen i sørstatane herja under depresjonen på
1930-talet. Livet deira fekk kultstatus og har inspirert eit utal artistar,
filmar og bøker. Her får du sjansen til å oppleve historia i ein gripande og
spektakulær teaterproduksjon.
Framsyninga
tar deg med på ei reise gjennom Bonnie og Clydes dramatiske liv. Vi møter
menneska bak den hardkokte fasaden. Var dei berre samfunnsfiendar, eller på sin
måte også folkeheltar? Kan vi sjå på brotsverka deira som eit opprør mot
makthavarane, eller eit forsøk på å skape sin eigen veg i ei urettferdig verd?
Riksteatrets
Bonnie & Clyde er ei forteljing om gnistrande kjærleik, dragninga mot det
ulovlege, klassekamp og håpet om eit betre liv. Og om ein familie som aldri
snudde dei ryggen.
Regissør og koreograf
Belinda Braza skapar spektakulære framsyningar der ho kombinerer lys, lyd,
popmusikk og dans på ein unik måte. Saman med scenograf
Clement Irbil, kostymedesignar Ingrid Nylander, musikalsk ansvarleg Peter Baden
og dramaturg Cici Henriksen, inviterer ho publikum med på ei actionfylt og
musikalsk reise – bak mytene om det legendariske kjærastparet.


På scenen møter du Siri Black, Sondrey, Heidi G. Broch, Jakob
Stabell og Chris Masters.
Urpremiere i Oslo,
Nydalen 26. januar 2024


Turnépremiere i Moss 30. januar 2024
Av Belinda Braza,
Clement Irbil og Cici Henriksen. Idé, regissør og koreograf Belinda Braza.
Scenograf og lysdesignar Clement Irbil. Komponist, arrangør, lyddesignar og
musikalsk ansvarleg Peter Baden. Kostymedesignar Ingrid Nylander. Dramaturg Cici
Henriksen. Tekstbidragsytarar Hanna Asefaw, Kristofer Blindheim Grønskag,
Belinda Braza og Cici Henriksen. Assisterande lysdesignar Øyvin Løype.
Produsent Silje Vigerust Vinjar. Produsert av Riksteatret.

Sist oppdatert: 11/27/2023

Kilde: VisitMOSS AS

Sider du nylig har besøkt