Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Riksteatret: Fantorangen på teater

Mer info

Endeleg kan barna møte Fantorangen, Pivi, Fantus og Maurora på teaterscenen!

Fantorangen og Pivi må plutseleg lage ei teaterframsyning – men korleis gjer ein dét, eigentleg?
Fantus vil også vere med, men Pivi seier at Fantus er altfor liten. Pivi og Fantorangen vil heller ha med Maurora, som bur i maurtua og kan dei mest utrulege ting. I Fantorangen, Pivi og Mauroras teaterframsyning kan alt skje – men er det kanskje Fantus som fiksar det meste likevel ...?

Fantorangen har gledd barn gjennom NRK Super i 17 år. Fantorangen er ein evig 3-åring, ein notorisk optimist med stor tru på seg sjølv og på at det meste går bra. I «Fantorangen på teater» får barna møte Fantorangen og venane på ordentleg, dei må løyse mysterium saman, og synge kjente og nye songar.

«Fantorangen på teater» er eit samarbeid mellom Oslo Nye Teater, Riksteatret og NRK. Framsyninga skal på turné med Riksteatret for å glede barn over heile landet.
Framsyningslengde: 45minutt (ingen pause).

Urpremiere på Trikkestallen i Oslo 21. februar 2024
Turnépremiere i Fredrikstad 14. mars 2024


Med Marte Stolp, Jonas Andersen Sandvik, Irene Nessa Bjørnevik og Maia Lohre Køhn.

Av Marianne Sævig. Basert på NRKs tv-serie «Fantorangens verden». Regissør Bård Bjørknes. Dramatikar og dramaturg Marianne Sævig. Scenograf og dokkedesignar Christina Lovery. Lysdesignar Rolf Christian Egseth. Komponist John Vinge. Musikalsk ansvarleg Simon Revholt. Dokkemakar Ella Honeyman-Novotny. Dokkemakar Anna Katarina Granberg. Produsent Anita Basmo Bjørnstad. Produsert av Oslo Nye Teater i samarbeid med Riksteatret og NRK.

Sist oppdatert: 01/04/2024

Kilde: Visit Bergen

Sider du nylig har besøkt