Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Riksteatret: Fantorangen på teater

Mer info

Endeleg kan barna møte Fantorangen, Pivi, Fantus og Maurora på teaterscenen!


Fantorangen og Pivi må plutseleg lage ei teaterframsyning – men korleis gjer ein dét, eigentleg? Fantus vil også vere med, men Pivi seier at Fantus er altfor liten. Pivi og Fantorangen vil heller ha med Maurora, som bur i maurtua og kan dei mest utrulege ting. I Fantorangen, Pivi og Mauroras teaterframsyning kan alt skje – men er det kanskje Fantus som fiksar det meste likevel ...?


Fantorangen har gleda barn gjennom NRK Super i 17 år. Fantorangen er ein evig 3-åring, ein notorisk optimist med stor tru på seg sjølv og på at det meste går bra. I «Fantorangen på teater» får barna møte Fantorangen og vennane på ordentleg, dei må løyse mysterium saman, og synge kjente og nye songar.
«Fantorangen på teater» er eit samarbeid mellom Oslo Nye Teater, Riksteatret og NRK. Framsyninga skal på turné med Riksteatret for å glede barn over heile landet.




Av Marianne Sævig. Basert på NRKs TV-serie «Fantorangens verden».
Songar:
«Sjøbanan»- tekst: NRK/ musikk: John Vinge. «Vi roper det vi ser» - Tekst: Sondre Lerche/Musikk: Sondre Lerche, Alexander von Mehren, Chris Holm, David Heilman, «Mauroras Maurtue» - tekst: Marianne Sævig/Musikk: Simon Revholt, «Eg flyg» - tekst og musikk: Inger Gundersen, «Kroppen» - tekst: NRK/Marianne Sævig/Musikk: John Vinge, «Snibel Snabel» - tekst: NRK/Musikk: John Vinge, «Er det morgen nå?» - tekst og musikk: Sondre Lerche


Manuskonsulent NRK: Ingrid Hafstad • Nynorsk-konsulent: Tora Systad Tyssen
Urpremiere: Oslo / Oslo Nye Teater 21. feb 2024
Turnépremiere: Fredrikstad 14. mar 2024
Fantorangen på teater er eit samarbeid mellom Oslo Nye Teater, Riksteatret og NRK.


Anbefalt for barn frå 3 år.


Framsyningslengde: 45 minutter (ingen pause).

Sist oppdatert: 04/12/2024

Kilde: Visit Bergen

Sider du nylig har besøkt