Hold
kjeft, det er Ibsen!
Liv Gulbrandsen byr på ei halsbrekkande morosam, nær og
inderleg forteljing om Henrik Ibsen og si eiga bestemor. Så langt har 20 000
sikra seg billett på Nationaltheatret. Gå ikkje glipp av den kritikarroste framsyninga
når Riksteatret kjem til kulturhuset ditt!
Liv Gulbrandsens bestemor elska Ibsen. Og ho trakk med seg
barnebarnet i teateret for at Liv, i altfor ung alder, skulle få sjå Hedda
skyte seg. Bestemor hadde ei historie ho ikkje kunne fortelje, og nokre
livsviktige råd. Men kva historie var dette?
Nokre gonger må vi bruke andre sine ord der vi manglar våre
eigne.
Mange kjenner forfattar, programleiar og kulturpersonlegheit
Liv Gulbrandsen frå feministiske, litterære harselasar på scenen. Fifty Shades
of Grey-trilogien, Karl Ove Knausgårds seksbindsverk Min Kamp og Jo Nesbøs
krimbøker om Harry Hole har alle vore utsett for Gulbrandsens godlynte vreide.
Når ho tar utgangspunkt i verka til den største dramatikaren vår, byr ho på ei personleg
historie. Liv fortel om kloke og merkelege opplevingar av Ibsens skodespel saman
med bestemor, i ei halsbrekkande framsyning der du kan gråte og le, eventuelt
le til du græt.
Framsyninga Hold kjeft, det er Ibsen! er ei komisk, nær og
inderleg kjærleikserklæring til mødrer og bestemødrer, om strev i fleire
generasjonar, om kunsten, teateret – og ikkje minst om Henrik Ibsen.
"Nå burde bestemor være jævlig stolt av deg, Gulbrandsen!
(…) Og vi ler høyt, for det er ikke bare morsomt, men også skarpt kritisk og
litt rørende."
Norsk Shakespearetidsskrift
Turnépremiere på Lillehammer 29. februar 2024
Av og med Liv Gulbrandsen. Produsert av
ShowPeople og Nationaltheatret.
På turné med Riksteatret våren 2024.
Sist oppdatert: 12/08/2023
Kilde: VisitMOSS AS