Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Riksteatret: Prima Facie

Kjøp billetter her

Tessa er ein ung, vellukka forsvarsadvokat som har jobba seg opp til det øvste sjiktet i spelet; kryssforhøyre, forsvare og vinne. Alt ser ut til å gå hennar veg.


Men ein kveld vert ho brått kasta inn i ein situasjon der ho sjølv må sette systemet på prøve. Ho som var uovervinneleg, kjempar no sitt livs største kamp for å finne vegen ut av den same skuggen av tvil som ho tidlegare har kasta over andre. «Prima Facie» tar oss med til det vanskelege punktet der livet møter reglane i lova.


«Prima Facie» er tankevekkende, brutalt og rørande. Eit teaterstykke som vert sittande i kroppen lenge etter at teppet har gått ned.


Stykket har mottatt ei rekke prisar og gått sin sigersgang i London, New York og på scener over heile verda. Med Riksteatret og Nationaltheatret får publikum på Oseana moglegheita til å oppleve denne gripande og aktuelle framsyninga.


«BEST PLAY»

Olivier Award


«BEST NEW PLAY»

WhatsOnStage


«BEST NEWCOMER»

Broadway World UK Awards
Prima Facie – et (latinsk) juridisk begrep som betyr tilsynelatende eller ved første
øyekast.


Noregspremiere i Oslo, Nydalen 4. februar 2025.

På turné med Riksteatret til 45 stader. Vert spelt på Nationaltheatret etter turné.

På scenen: Maria Kristine Hildonen og Elisabeth Mørland Nesset.


Av Suzie Miller. Oversatt av Agnes Banach. Regissør Maren E. Bjørseth. Scenograf og lysdesignar Norunn Standal. Kostymedesignar Alva Walderhaug Brosten. Komponist og lyddesignar Sjur Miljeteig. Koreograf Magnus Myhr. Produsent Silje Vigerust Vinjar. Produsert av Riksteatret i samarbeid med Nationaltheatret.

Varer om lag 1 t 40 min (ingen pause)

Foto: Maja Moan

Billetter

Sist oppdatert: 12/05/2024

Kilde: Visit Bergen

Riksteatret: Prima Facie

Billetter

Sider du nylig har besøkt