Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Sunnhordland Stord

Riksteatret: Sult av Knut Hamsun

Overview

Få bøker har vore så viktige for så mange som Sult. No blir Hamsun sin klassikar teater!

SULT
av Knut Hamsun

Historia om den unge, fattige og svoltne forfattaren i Kristiania - «denne forunderlige by som ingen forlater før han har fått merker av den» - fascinerer stadig nye lesarar, 130 år etter at boka kom ut for første gang.

Anders T. Andersen er regissør for Riksteatret sin teaterversjon av «Sult». Han kjem rett frå arbeidet med Bowie-musikalen Lazarus på Det Norske Teatret. Også denne gongen lagar han ei framsyning med mykje bruk av bilete, video og musikk – med mellom andre skodespelarar som Preben Hodneland og Julia Bache-Wiig og musikar Tuva Syvertsen frå Valkyrien på scena.

Sult kom ut første gong i 1890. Det gjennombrotsromanen til Knut Hamsun og eit verk som samstundes innebar noko nytt i norsk litteratur. Hamsun skildrar både fysisk svolt og psykisk pine hos den namnlause hovudpersonen på ein måte som gjer at lesaren vanskeleg gløymer han. Sult er ein klassikar i litteraturhistoria som har oppretthalde fascinasjonskrafta si også i dag.

"Sult er en bok som jeg kommer tilbake til, igjen og igjen. Denne ubøyelige, nådeløse, perverse, komiske og usammenhengende undersøkelsen av en enslig karakters tilstand er så radikal at den fremdeles tar pusten fra meg." Forfattar Siri Hustvedt

–Hvem har ikke kjent på følelsen av å ikke høre helt til, eller være oversett av andre? Med Sult har jeg lyst til å vise at det er menneskelig å føle seg utenfor, sier Anders T. Andersen. Han står også bak ei rekke vellukka dramatiseringar av romanar for teater som Roy Jacobsen si De usynlige, Om våren av Karl Ove Knausgård og Historie om et ekteskap av Geir Gulliksen. Andersen stod også bak filmatiseringa av Berlinerpoplene for NRK og er aktuell med spelefilmen Fuglane basert på Tarjei Vesaas sin roman hasten 2019.

Speletid: 2 timar 20 minuttar (inkludert pause)

Premiere i Oslo, Nydalen 9. januar 2020

Turnépremiere i Stjørdal 15. januar 2020

Med Preben Hodneland, Tuva Syvertsen, Julia Bache-Wiig, Sverre Bentzen, Jørgen Wiig Salvesen og Petter Vermeli.

Av Knut Hamsun. Dramatisering og regi Anders T. Andersen. Senograf Dagny Drage Kleiva. Videodesignar Kenneth Karlstad. Kostymedesignar Mette Jacobsen. Lysdesignar Øystein Heitmann. Lyddesignar Erik Hedin. Produsert av Riksteatret.

  • Last Updated: 14.11.2019
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Dates

to. 5. mars 2020 19:00 21:20

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
Riksteatret: Sult av Knut Hamsun
Your Recently Viewed Pages