Dynamic Variation:
Book
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Ålesund & Sunnmøre Ålesund

Riksteatret - Prisen

Overview

Får vi det livet vi fortener?

To vaksne brør møtest for å fordele det som står att på loftet etter den avdøde faren deira. Dei har ikke sett kvarandre på mange år - den eine valde plikta, den andre karrieren. Yngstebroren har med kona, som håpar denne arven kanskje betyr byrjinga på noko nytt. Og så har dei fått tak i ein gammal brukthandlar for å få arvegodset verdsett. Men denne brukthandlaren har levd eit langt og omskifteleg liv. Han veit at det sjeldan er samsvar mellom prisen du betaler og verdien av det du får.

Prisen er eit intenst kammerspel for fire menneske som kvar på sitt vis har prøvd å vere tru både mot eigne moglegheiter og mot krava frå omverda. Men: Har dei betalt ein for høg pris for livsvala dei har tatt? Det er spennande, det er opprivande – og det er underhaldande!

Arthur Miller er ein av USAs viktigaste og mest populære dramatikarar. Miller står dessutan tydeleg i tradisjonen etter Ibsen, og har derfor ein særleg appell til oss her i landet. I Riksteatrets oppsetjing møter du Kim Haugen, Helge Jordal, Iren Reppen og Per Frisch. Prisen blei nyleg sett opp på Broadway med Danny DeVito i ei av rollene og Obama på besøk!

Med denne oppsetjinga skal Riksteatret by på teater med ein vittig, engasjerande og utfordrande tekst, gjort levande av fire store skodespelarpersonlegheiter, signert regissør Kjetil Bang-Hansen. Det er når prosjekt som dette kjem på besøk til heile landet, at Riksteatret både blir unikt og nødvendig.

Speletid: 2 t og 20 min (inkl. pause)

  • Last Updated: 19.01.2018
  • Source: Geirangerfjord - Ålesund & Sunnmøre
Dates

lør 28. april 2018 19:30

See All
Riksteatret - Prisen
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad