Dynamic Variation:
Book
Choose Language
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Ryfylke Suldal

Ryfylkedagane, Sand

Overview

Velkommen til Ryfylkedagane på Sand i Ryfylke!

Ryfylkedagane blir arrangert hvert år i begynnelsen av juni, og har etterhvert blitt en god tradisjon og en trivelig møteplass for suldølar, hytteeiere og tilreisende. På programmet står det aktiviteter for både store og små! Helga er fyllt med marknadsdag i sentrum,konsertar, kuturipplevningar, utstillingar, musikk og folkeliv. 

Programmet i Ryfylketeltet på Verven:

Fredag 1. juni kl. 20.00.- 01.30. 

MORNING CROWS;
Morning Crows er eit rockeband frå Stavanger som blei starta av Mario Adjemi frå Erfjord. Ingen songar er like, her får de frå bånn gass Rock N Roll til rolege balladesonger, med lange fine soloar!  Denne dagen vil det og bli spelt låtar frå The Rolling Stones, Bon Jovi, Guns N' Roses, og Ingenting.

PLUMBO: 
Plumbo blandar sjangrar som folk, boogie, pop, og rock, og musikken vert ofte skildra som festrock. Musikken er meint for å laga god stemning, anten ein sit i bilen, er på fest eller på jobb. Plumbo er eit rutinert liveband, med breidde, variasjon og ikkje minst godt «trøkk». Pur speleglede, scene-entusiasme og allsong høyrer med på konsertane. Ein kan kjøpa grillmat og drikke av KULP heile kvelden. 18 års aldersgrense.

Laurdag 2. juni kl. 18.00- 01.30. 

VORSPIEL MED SKALLDYRBORD FRÅ KULP
Kulp og Ryfylkedagane vil invitera deg til skalldyrbord og god stemning som vorspiel til folkefesten laurdag
Et så mykje du vil for kr 250,- Førehandsbestilling innan 18. mai på: www.suldal.kulturhus.no  (Må tingast utanom dags- og helgepass.)

VALKYRIEN ALLSTARS 
Valkyrien utforskar og utfordrar bruken av tradisjonelle instrument og gamal norsk musikk - i eit kontemporært uttrykk, og gjerne med ein politisk brodd. "Det låter både rufsete og raffinert, både deilig teatralsk og dypt personlig." (Jon Mikkel Broc  Ålvik,Morgenbladet)  

PAKKERS
Det er i år 20 år sidan Pakkers (Matpackers) hadde sin debut.
Suldølene kjenner godt til desse karane frå Vindafjord som spelar musikk som passar perfekt for folkefest.

GEIR HALLELAND
Allereie som 5-6 åring fekk Geir sitt første trommesett, og då var det gjort. Etter å ha stått på som trommeslagar og vokalist i band som Parece (1980), Sally (1984), S.O.B (1986) og Capt.Kane (1990), skifta han trommene ut med kassegitar og begynte på heiltid som trubadur. Geir er godt kjent i Suldal og har vore på besøk hjå oss mange gonger. Vi gler oss over at han er med oss å lagar folkefest på Ryfylkedagane.

Resten av programmet kjem i starten av mai.
PRISAR: 
Fredag: Kr 350,-
Laurdag : Kr 395,-
Helgepass: Kr 600,-

Skalldyrbord frå KULP laurdag: kr 250,- 
(må tingast utanom dags- og helgepass.)

Kjøp billettar hjå www.suldal.kulturhus.no

Velkomne til glade festivaldagar!

  • Last Updated: 19.04.2018
  • Source: Region Stavanger
Dates

fre 1. juni 2018

lør 2. juni 2018

søn 3. juni 2018

See All
Ryfylkedagane, Sand
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad