Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Samtale med Leander Djønne + filmvisning og fest

Kjøp billetter her

Skulptur, film og dikt er nokre av uttrykksformene til den etablerte biletkunstnar Leander Djønne. I 2022 gav han ut sin første roman, Oskespiralen, ein debut som blei hylla av kritikarane og som vann P2-Lyttaranes romanpris same året. No er Djønne aktuell med sin andre roman. Alt et.

Tvillingane Våle og Rind er i gravferda til foreldra. Dei skal bu hos besteforeldra. På Garden blir dei skilde frå kvarandre. Besten er grufull, besta kraftlaus. I ura over garden bur ein svanger jerv. Ho kjenner raseriet vekse. Møt Djønne i samtale med kurator ved Kunsthallen Silja Leifsdottir om avmakt, nedarva vreide, trolldom og hamskifte – og om likskapen, eller ulikskapen, mellom biletkunstnaren og forfattaren Djønne.
Det blir boksal og signering etter samtalen.
NB! Etter scenesamtalen på Litteraturhuset blir det filmvising ved Leander Djønne og fest på litteraturbåten EPOS, som ligg til kai ved Kjødehallen, USF Verftet. Tidspunkt: 21.00-23.00. 
Dette arrangementet er inkludert i billetten. Det er også mogleg å berre få med seg filmvising og fest med Leander Djønne på EPOS. Her blir det selt eigen billett ved inngangen.
Foto: Oktober forlag/ Bergen Kunsthall/ Wikimedia Commons

Billetter

Sist oppdatert: 07/17/2025

Kilde: Visit Bergen

Samtale med Leander Djønne + filmvisning og fest

Billetter

Sider du nylig har besøkt