Dynamic Variation:
Book
Choose Language
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Ryfylke Hjelmeland

Sankefestival på Hjelmeland 4-5 August 2018

  • hjelmelandsvågen, hjelmelandsvågen, Hjelmeland
  • +47 97997636
  • 4. august 2018 - 5. august 2018
  • (2 Upcoming Dates)
Overview

Den Norske Turistforeining er 150 år  i 2018. Kva er meir naturleg enn å feire jubileet med ein fest for naturen og det den gir oss ?  Hjelmelandsamfunnet har lange, rike tradisjonar på å nytte, samle og sanke frå naturen; frå heia, fjorden, elva, skogen og gardane.   Desse dagane vil me sanke natur-og kulturopplevingar og plukke, fange, fiske inn  -  og smake og lukte på naturens grøde. 

Festivalen går over 2 dagar med Hjelmelandsvågen som base. Festivalen er lagt til sentrum av kommunen nettopp for at arrangementet skal vere tilgjengeleg for flest mogleg og gje mest mogleg breidde. 

I Vågen blir det torg med smaksprøvar, demonstrasjonar/småkurs og kafèsalg  – og Vågen er utgangspunkt for turane ut til sjø, elv, skog og hei - og for fiskekonkurransar og andre aktivitetar. Det blir kanopadling og krabbesanking for dei minste i stranda på Sande.  Laurdag kveld blir det utekonsert/dans på andre sida av fjorden, med sal av grilla lam og fisk. Dette skjer i regi av  Jøsneset Bygdaråd ift Smashing Jøsneset. På den måten blir det ein festival med enda større breidde ift kultur og lokalmiljø

Sankefestivalen skal passe for alle som er glade i naturen, som likar å vere ute i aktivitet, som likar å lære om vår kulturarv, som likar å smake og lære om nye ting, og som elles bare likar å vere sosial i lag med andre. Det blir aktivitetar for alle aldersgrupper.

  • Last Updated: 20.02.2018
  • Source: Region Stavanger
Dates

lør 4. august 2018

søn 5. august 2018

See All
Sankefestival på Hjelmeland 4-5 August 2018
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad