Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Ryfylke Hjelmeland

Sankefestivalen på Hjelmeland

Overview

Sankefestival på Hjelmeland i Ryfylke

Den Norske Turistforeining er 150 år i 2018. Kva er meir naturleg enn å feire jubileet med ein fest for naturen og det den gir oss ? Hjelmelandsamfunnet har lange, rike tradisjonar på å nytte, samle og sanke frå naturen; frå heia, fjorden, elva, skogen og gardane. Og sanking er ein rik del av vår nasjonale turkultur.

Desse dagane vil me sanke natur-og kulturopplevingar og plukke, fange, fiske inn - og smake og lukte på naturens grøde. 

Festivalen går over 2 dagar med Hjelmelandsvågen som base. Festivalen er lagt til sentrum av kommunen nettopp for at arrangementet skal vere tilgjengeleg for flest mogleg og gje mest mogleg breidde. 

I Vågen blir det torg med smaksprøvar, demonstrasjonar/småkurs og kafèsalg – og Vågen er utgangspunkt for turane ut til sjø, elv, skog og hei - og for fiskekonkurransar og andre aktivitetar. Det blir kanopadling og krabbesanking for dei minste i stranda. 

Laurdag kveld blir det Smashing Jøsneset: utekonsert m/ Hanne Sørvaag og utedans med The Kvednabekkjer, på andre sida av fjorden, Sal av grilla lam og fisk. Dette skjer i regi av Jøsneset Bygdaråd

  • Last Updated: 01.06.2018
  • Source: Region Stavanger
Dates

lør 4. august 2018

søn 5. august 2018

See All
Sankefestivalen på Hjelmeland
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad