Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Vestland GULEN

Send storm // Risnehall

Overview

SEND STORM
— ein diktkonsert 

Ein sårare og meir kraftfull Jakob Sande i eit landskap av elektronisk og ambient musikk.

I denne heilt nye framsyninga opnar skodespelar Idun Losnegård og komponist Viljar Losnegård nye rom i Jakob Sande si dikting, både ved å bruke mindre kjende dikt, men også ved å leite etter fleire tonar i dei dikta vi kjenner aller best.

Det er mykje sårheit og alvor i diktinga til Jakob Sande. Ei kjensle av å vere utstøytt, einsam og innestengd i eige liv. Eit enormt behov og ein kamp for å få uttrykke seg, og ein lengt som er så sterk at ein til slutt ikkje klarer å halde tilbake og må sleppe stormen laus.

'Ein fornyar av nynorsk lyrikk' vart det sagt om Jakob Sande då han debuterte som forfattar. Det endra seg etter krigen. Populære radioprogram og platesuksessar gjorde at han helst vart oppfatta som ein enkel og humoristisk visediktar, noko han aldri slo seg til ro med.

Musikken til Viljar Losnegård skildrar heile spekteret av kjensler, men bukkar av der teksten bør stå åleine. Dei visuelle rammene, skapt av Marianne Stranger, speler på lyset og mørket i dikta og gir ein smakfull konsertestetikk. Vokalen til Idun Losnegård bølgar mellom insisterande kraft og kjenslevare sukk og snakkar filterlaust og nært til publikum.

Framsyningslengd: 45 min

Kunstnarleg lag:
Dikt av Jakob Sande
Idé og konsept Idun Losnegård
Regissør Cecilie Grydeland Lundsholt
Komponist, lyddesignar og musikar Viljar Losnegård
Visuelt uttrykk Marianne Stranger

Medverkande Idun Losnegård og Viljar Losnegård
 
«Send storm» er ei vidareutvikling av den nyskapande framsyninga «Lengt» av Losnegård og Losnegård, utvikla etter idé av Idun Losnegård og i samarbeid med Jakob Sande-senter for forteljekunst og Teater Vestland. Samarbeidet blir vidareført i denne framsyninga.

  • Last Updated: 24.01.2022
  • Source: Visit Bergen
Dates

ti. 5. april 2022 20:00 21:00

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
Send storm // Risnehall
Your Recently Viewed Pages