Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Sesongopning 2024 - Vest-Telemark museum Eidsborg

Mer info

Velkomen til ein ny sesong på museet i Eidsborg!

I dag opnar Vest-Telemark museum for sesongen! Her er dagens program:

10.00  Museet opnar dørene til vanleg tid

13.00 Ingers buffet i kafeen

14.00  Velkomen og orientering om årets sesong, ved museumsdirektør Dag Rorgemoen

       Om fornyinga av folkekunstutstillinga, ved formidlingsansvarleg Tilman Hartenstein

      Om kunstutstillinga i foajeen, ved kunstnar Mona Stenseth

14.20 Musikkinnslag (meir info kjem)

14.40 Føredrag ved Peter Fjågesund: «Frå natur til landskap. Turistane oppdagar Telemark». Høve til spørsmål etter føredraget

15.30 Omvising i temporærutstillinga «LandSkapLand», knivutstillinga og i den fornya folkekunstutstillinga.

Inngang: Vanleg museumsbillett

NB: Museet i Eidsborg vil ha ope kvar dag etter denne datoen, fram til 15. september.


Litt meir om årets temporærutstillingar:

LandSkapLand

Tidleg på 1800-talet kom dei første turistane til Noreg: kunstnarar, byborgarar og aristokratar frå Europa som hadde tid og ressursar til å reise - ikkje for å kome frå A til B, men for å få opplevingar undervegs. I Telemark fann dei natur som svara til tidas romantiske kjensler - overveldande fjell, fossar og fjordar, i kombinasjon med eit folkeliv som var urørt av industrialiseringa.

Korleis blei brysam og vill natur skapt om til kjenslefullt landskap? Målarane - og etter kvart fotografane - sette standarden. Dei såg naturen gjennom Claude-spegel, fotolinser eller gjennom glasa på båten eller karjolen. Naturen blei måla og fotografert med ramme rundt, og ein søkte perfekt balanse mellom det overveldande (sublime) og det idylliske (pittoreske). Gjennom å vere på reise kunne turistane kople naturen frå dagleglivet, og opphøgje den til noko større. Og er det ikkje slik framleis?

Utstillinga freistar å vise korleis dette gjekk til. Ein får sjå eksempel på romantiske framstillingar av Telemarksnaturen, og effekten ei ramme har på eit panorama. Og korleis landskapet arta seg frå innsida av ein dampbåt på Telemarkskanalen.

Salsutstilling med verk av Mona Stenseth

I sesongen 2024 har me gleda av å vise biletarbeid av Mona Stenseth i foajeen på Vest-Telemark museum Eidsborg. Kunstnaren planlegg å setje saman ei lita salsutstilling med både måleri og D.G.A kunsttrykk (Digital Grafisk Arbeid).

Mona Stenseth nyttar biletkunsten som eit verktøy for sjølvransaking. Ho brukar symbol og metaforar i sitt uttrykk og søker ein djupare forståing av seg sjølv og kulturen/samfunnet ho lever i, gjennom bruk av olje, penslar og pigment.

Mona blei født i Fauske i Nord-Noreg, men har flytta fleire gonger rundt i landet. Ho har via tid til studier og arbeid i byar som Trondheim, Bergen og Oslo. I dag kallar ho Porsgrunn for sin heim, der ho har brukt dei siste åra på å djupdykke i identitet, folkekunst og særskilt det utdøande handverket rosemåling. Kulturarv som vi har med oss i ryggsekken, utan at vi heilt er klar over det sjølv.

Ho lengtar stadig etter ein permanent stad å kalle sin endelege heim, men samtidig stiller ho spørsmål ved om dette konseptet berre er ein illusjon. For sjølv om ho lett kan kjenne seg heime på kvar nye fysiske bustad, vil den djupe kjensla av tilhøre måtte jaktast på i seg sjølv.

Med introspektiv refleksjon prøvar ho å betre forstå og forklare dette ibuande menneskelege behovet; å høyre til.
 


Sist oppdatert: 04/08/2024

Kilde: Vest Telemark

Sider du nylig har besøkt