Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Sigrid Moldestad med band // Åsane

Sigrid Moldestad, ein av Norges fremste artistar innan folk, vise -og tradisjonsmusikk skal ENDELEG spele konsert på den "eigentlege" heimebanen hennar, ÅSANE i Bergen! Dette blir ein av ytterst få konsertar med fullt band i år, og dei unike musikarane Sigbjørn Apeland, Anders Bitustøyl, Jørgen Sandvik, Roald Kaldestad og Kåre Opheim.

Velkommen til konsert!
Vaksne: kr. 370
Student/ungdom/pensjonist: kr. 270

Konserten inngår i konseptet Kulturprat i Åsane kulturhus som skjer same kvelden kl. 17.00 i foajeen. Det blir ein times Kulturprat med musikkjournalist og forfattar Bård Ose og Sigrid om tradisjonsmusikk, låtskriving og det nye albumet. Arrangementet i fojaeen er gratis!
***************************

Sigrid Moldestad er ein av Norges fremste artistar innan folk, vise -og tradisjonsmusikk. Ho har eit sterkt fortellerhjarte og ei eiga evne til å berøre publikum anten det er med leikfull kraft eller melankoli og sjølvskrivne viser og tekstar. Ho vaks opp i den vesle bygda Breim, Nordfjord og vart tidlig introdusert for felemusikken. Ho har studert folkemusikk ved Ole Bull Akademiet på Voss og har fordjupa seg i tradisjonen frå sitt heimområde. Det er også denne musikken som er inspirasjon og rot i mykje av det ho skapar sjølv. 
 
Sigrid har gjeve ut fleire plater, både i samarbeid med andre og som soloartist. 5 plater har vore i eige namn. Med platene «Taus», «Sandkorn», «Himlen har sove bort mørkret» og «Brevet til kjærleiken» har ho sidan 2007 plassert seg langt inn i den norske folkesjela. Sigrud held mykje konsertar med både band og mindre besetningar. Ho har motteke 2 Spellemannsprisar og ei rekkje andre utmerkingar.  
 
Sigrid Moldestad gav ut albumet «Vere her» hausten 2017 og fekk strålande platemeldingar landet rundt! Albumet er Sigrid Moldestad sitt 5 album og markerte hennar 10 år som soloartist. Plata fekk mellom anna ei sterk melding i Aftenposten: "No er det på tide at denne artisten blir allemannseie".  Bergens Tidende tok fram bandet: "..kvalitetstungt band som briljerer i all sin måteholdenhet". I bladet "Viser" skriv meldaren at han "sjeldan har hatt ein klårare femmar i spelaren sin".  Plata fekk terningkast 5 jamt over, både i  NRK P1, Bergensavisen, Dagsavisen, Hamar Arbeiderblad med fleire.  Plata er produsert av Yngve Leidulf Sætre.  


HUGS: I forkant av konserten blir det ein times Kulturprat med musikkjournalist og forfattar Bård Ose og Sigrid om tradisjonsmusikk, låtskriving og det nye albumet.

Sist oppdatert: 05/27/2024

Kilde: Visit Bergen

Sider du nylig har besøkt