Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Sivert Høyem

Kjøp billetter her

Etter fire år med Madrugada, kjem Sivert Høyem attende som soloartist. Han er med sitt imponerande vokalspekter og ein melankolsk musikkstil, anerkjent som ein av Norges fremste vokalistar og låtskrivarar.  
På sitt nye album, "On an Island", lar Sivert tristessen bløme på vakrest mogleg vis. 

 "On an Island" er innspelt i det gamle bedehuset i Nyksund, Vesterålen, og innleiar eit nytt kapittel i Høyem si karriere. Visjonen var å skapa noko «enkelt og nedstrippa» i spektakulære omgjevnadar, i det som ein gong var Vesterålen sitt nest største fiskevær. Lydbildet er blitt tidlaust, direkte og rått.

Det er berre å gle seg til å søka tilflukt og varme seg på ei av våre mest markante røyster som serverer melankoli i verdsklasse.

Singelen "The Rust", har av Aftenposten blitt skildra som "mektig fra en av landets beste stemmer".

Dette vil du ikkje gå glipp av! Velkommen til Oseana.


Unummerert. Ståplassar

Varighet: Om lag 90 minutt

Foto: Andreas Hornoff

Billetter

Sist oppdatert: 11/06/2024

Kilde: Visit Bergen

Sivert Høyem

Billetter

Sider du nylig har besøkt