Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway

Skåla 1848 m. rett opp

Overview

Norges og Nord-Europas tøffaste motbakkeløp!

"Skåla 1848 meter rett opp" - med både konkurranse- og mosjonsklasse.

Offisielle rekordar "Skåla 1848 meter rett opp" :

Damer: Anita Håkenstad Evertsen (2008) 1 t 20 min 6 sek

Herrar: Jon Tvedt (2007) 1 t 8 min 39 sek

Ahmet Arslan, Tyrkia (2012) ny sti 1 t 7 min 6 sek

Om Skåla

På 1848 meter over havet er ein på toppen av Skåla i Loen. I 1891 blei det bygd eit rundt tårn med 22 sengeplassar. Opphavsmannen var Hans Henrik Gerhard Kloumann, doktor av utdanning, med rekreasjon for kropp og sjel som grunnlag for byggverket. I alle år har dette vore eit populært fjellmål, og mange har sprunge opp bakkane for å slå rekordane som går på folkemunne. Skåla er rekna som Norges høgaste fjelltopp som har foten i sjøen.

Skålatårnet eller Kloumansårnet, etter legen som fekk tårnet bygd, er verdt turen opp. Og dei 1800 høgdemeter med samanhengande sitgning bør ein setje av god tid til. Likevel lurer det nok eit rekordforsøk i bakhovudet på mange.

Om turen

Turen startar frå parkeringsplassen ved Tjugen camping, ca. 2 km aust for Loen. Det er tydeleg og mykje brukt sti opp til ein møter ur og snøfonner i 1200*meters høgd. Herifrå og opp er det noko varding, merking og hellelagde stadar. Ein går først på veg litt opp langs Fosdøla til ein kjem til eit skilje der ein kan velje å gå til venstre og følgje traktorvegen slakare i ein stor sving mot aust, eller ein tek bratt opp på sti gjennom skogen. Ved 300 moh møtest traktorvegen og stien, og ein held fram med god stgning opp gjennom etter kvart meir open skog. Ved 400 moh kan ein ta ein avstikkar ved å krysse elva bort stil Tjugen seter. Ein kryssar grensa til Jostedalsbreen nasjonalpark ved ca. 650 moh samstundes som ein kryssar Fosdøla på bru, og ein har då kome over skogvegetasjonen. Ein forlet no Fosdalen og får ei lang stigning opp mot botnen som Skålavatnet ligg i. Stien er mykje brukt, og det er ein del lause steinar her og der i stien.

Skålavatnet innbyr til rast og kanskje eit bad, sjølv om det kan vere i det kaldaste laget på over 1100 moh. Ein ser no mot skaret mellom Skåla og Sandsnibba. Vidare herifrå er det noko grov ur som kan vere dekt av snø tidleg på sommaren. I oppstigningen til skaret kjem ein inn på restar av oppbygde trappetrinn. Når det lir langt på sommaren og det har vore mykje snøsmelting, bør ein sikre seg vatn i skaret her på 1400 moh. Høgare opp finn ein berre vatn frå snøfennene. Vidare oppover er det lite sti og merking, og ein går på vekselvis fast fjell, grus og snøfenner. Som regel må ein krysse ei større snøfonn på dryge 1600 moh. På den andre sida av fonna kjem ein snart inn på oppbygd sti med heller og steintrapper. Kring 1700 moh bør ein ta ein kort avstikkar ut til kanten og sjå ned og bort på den store botnen som ligg rett å nordsida av Skålatårnet. Vidare er det sjarmøretappe og litt slakare siste biten opp til tårnet.

Skåla Opp med Grand Prix status i 2009

Etter suksessløpet i 2008 med totalt 1500 registrerte deltakarar, blei det søkt om å få arrangere Grand Prix motbakkeløp 15. august 2009. Det er World Mountain Running Association som tildeler Grand Prix status til sju motbakkeløp i verda kvart år. Samanlagtvinnar for damer og herrar med fem teljande av sju løp blir årets Grand Prix vinnar. Dette er ein tittel som heng svært høgt blant internasjonale motbakkeløparar.

 

Utemagasinet.no: Motbakkefarsotten

 

  • Last Updated: 22.11.2016
  • Source: Reisemål Stryn & Nordfjord
Dates
lørdag 19. august 2017

See All
Click to activate
Loen, Norway
The latitude and longitude
61° 52' 1" N / 6° 52' 52" E
Skåla 1848 m. rett opp
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad