Skakke folkedrakter - ikkje ei draktutstilling
Ei turnerande utstilling i samarbeid med Nasjonalmuseet
Med arbeid av Rafiki, Christian Blandhoel, Márjá Karlsen, Harald Beharie, Lin Wang og Håvard Kranstad
Skakke folkedrakter - ikkje ei draktutstilling er ei turnerande utstilling som no befinner seg på Hordaland kunstsenter. Den er utvikla av Nasjonalmuseet, gjennom dialog på tvers av institusjonar og fagmiljø over heile landet, og utgjer eit djupdykk i handverket og historikken knytt til bunad, kofte og folkedrakt.
I utstillinga finn ein arbeid av Rafiki, Christian Blandhoel, Márjá Karlsen, Harald Beharie, Lin Wang og Håvard Kranstad. Desse seks samtidskunstnarane vart inviterte til å utforske og utfordre draktskikkar, identitet og handverkstradisjonar. I prosessen har dei undersøkt motsetningar og gått i dialog med handverkarar og kunnskapsberarar, og skapt sine eigne uttrykk gjennom blant anna fotografi, vev, perlearbeid, porselen, installasjonar, instrument og dans. Resultatet er både ein hyllest og eit opprør - ei utstilling om drakter, som er langt frå ei draktutstilling. Verka me møter i den er framfor alt symbol og idear som formar tida me lev i, korleis me ser oss sjølv, relasjonane våre og historia vår.
Tradisjonsrike plagg som bunadar, kofter og folkedrakter kan skape sterke kjensler av tilhøyrsle og stoltheit, men også av utanforskap, skam og sinne. I botn av prosjektet Skakke folkedrakter, ligg spørsmålet: Korleis skal me forhalde oss til dei tradisjonelle draktane våre, når dei ikkje lenger rommar alle menneska som utgjer Noreg? Med utstillinga håpar me å formidle underkommuniserte historiar om kunst, håndverk og normbrytande liv, men også inspirere til auka oppslutning kring fagmiljø knytt til folkedraktar og tradisjonshandverk, og anerkjenne kunnskapen som allereie finst der.
OM KUNSTNARANE
Her kan du sjå videointroduksjonar til dei seks kunstnarane og arbeida deira!
FORMIDLINGSPROGRAM
Eit formidlingsprogram er utvikla for utstillinga. Det vil bli halde to kunstnarleidde helgeverkstadar, ein med Margaret Abeshu (5.-6. april) og ein med Nina Eriksson (26.-27. april). Ein Kitchen Dinner vil bli arrangert (2. mai), der Lars Korff Lofthus og Justine Nguyen, som begge var ein del av den kunstnariske leiargruppa for Skakke folkedrakter, er vertskap. I tillegg inviterer HKS til ein alternativ 17. mai-frukost!
TURNÉ
Skakke folkedrakter har turnert på kryss og tvers av Noreg og Sápmi sidan 2023. Utstillinga har tidlegare blitt vist ved Valdres Folkemuseum, Guovdageainnu gilišillju – Kautokeino bygdetun, Sunnfjord Museum, Stiklestad Nasjonale Kultursenter, Bymuseet Bodø - Nordlandsmuseet og Bomuldsfabriken Kunsthall.
Etter at den har vore på Hordaland kunstsenter skal den vidare til Hadeland Folkemuseum, Interkulturelt Museum i Oslo og Alta Museum.
Sist oppdatert: 04/25/2025
Kilde: Visit Bergen
Skakke folkedrakter - ikkje ei draktutstilling