Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Skinnarlandsamlinga: opning av sommarutstillinga 2024

Mer info

Mor og dotter viser kunst saman

«Luft» er tittelen på årets sommarutstilling på Skinnarlandsamlinga i Rauland.

Wenche Øyen og Ane Svenheden har stilt ut saman før, og denne gongen tar mor og dotter turen til Rauland med sine kunstverk. Wenche stiller ut oljemåleri og akvarellar, og Ane stiller ut arbeid i tekstil, samt bilete og installasjonar.

Wenche Øyen har lang fartstid innan norsk kunstliv. Ho er biletkunstnar som jobbar med oljemåleri, akvarell, teikning og grafikk. Hovudutdanninga tok ho ved Statens håndverks- og kunstindustriskole (1963–1967) og Statens Kunstakademi (1967–1971). Det har blitt mange separat- og kollektivutstillingar sidan det. Det same gjeld offentlege innkjøp, og ikkje minst prisar, mellom anna Kulturdepartementets illustrasjonspris og billedbokpris for arbeidet som illustratør.

Ane Svenheden arbeider i fyrste rekke med tekstil, men óg teikning og akvarell. Ho bearbeider ull for hand, frå fiber til ferdig verk. Arbeidet er blitt beskrive som ein spontan og intuitiv prosess som blir styrt av handa og auge. Ane Svenheden er utdanna ved Arkitekturhøgskolen i Oslo, Central St. Martin College of Art i London og gjennom kurs, mellom anna på Konstfack i Stockholm. 


Opning av utstillinga blir laurdag 22. juni kl. 18.00. 

Utstillinga vil elles vere tilgjengeleg i museets opningstider mellom 25. juni og 15. august, kl. 11.00 - 17.00 tysdag til sundag. Måndagar har me stengt.

Velkomen til opning av årets kunstutstilling!
 

Sist oppdatert: 04/24/2024

Kilde: Vest Telemark

Sider du nylig har besøkt