Dynamic Variation:
Offers
Choose Language
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Sunnfjord Askvoll

Skjærgårdstreffet 2018

Overview

Velkommen til Skjærgårdstreffet sitt 20 år jubileum i vakre Askvoll. Vi bygger vidare på vårt årelange konsept med marknad, veterankøyretøyparade, stands og mykje underhaldning for store og små. Også i år satsar vi på utekonsert, og vi kan glede årets publikum med at det er Hellbillies som skal spele på utekonserten laurdag!

Fredagen er sett av spesielt til at dei små skal få kose seg på Øyra og i nærområda. Her tilbyr vi mellom anna sandvolleyball, padling, fotball, flyball og mykje anna moro. Når fredagskveld kjem vert det som alltid undomsarrangement, senioraften og opne utestadar.

Laurdagen er familiedagen, med aktivitetar, stands, veterankøyretøyparade og ølsmaking på dagtid. På kveldstid brakar det laus med utekonsert med Hellbillies. Her vert det fellesbillett for konsert, Askvoll Sjøbuer og Askvoll Fjordhotell.

For å feire våre 20 år har vi i år også eit tilbod sundag, nemleg utekino på Kyrkjebakken. Vi syner filmen Mamma Mia: Here We Go Again! Her ligg altså alt til rette for ein magisk kveld på Kyrkjebakken.

Vi ynskjer både fastbuande og tilreisande velkomen til eit flott arrangement midt i sentrum av Askvoll, der det heile helga som vanleg vert eit yrande folkeliv og båtliv.

På festivalområdet på Rådhusplassen tek vi i mot kort, kontantar og vipps. Meir informasjon og komplett program finn du på facebooksida Skjærgårdstreffet.

  • Last Updated: 31.05.2018
  • Source: Visit FjordKysten
Dates

fre 20. juli 2018 9:00 16:00

lør 21. juli 2018 11:00 0:00

søn 22. juli 2018 0:00 2:00

søn 22. juli 2018 23:00 0:00

man 23. juli 2018 0:00 1:00

See All
Skjærgårdstreffet 2018
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad