Dynamic Variation:
Book
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Voss

Skredkurs med Tindeguide

Overview

Har du kunnskapen som trengs for å finne den gode og trygge snøen? Tindeguide arrangera både grunnleggande og vidaregåande skredkurs, samt instruktørkurs.

Tindeguide har spesialisert seg på skredkurs og toppturguiding. Skredkursa er tilpassa topptur og frikjøring. Kontakt oss om du ynskjer eit eige, skreddarsydd kursopplegg for deg og di gruppe.

Kursprogram vinteren 2017/2018:

7. Januar, Kameratredningskurs i Myrkdalen: Halvdagskurs (4 timar) der du lærer å bruke elektronisk sendar/mottakar, søkestong og spade på ein riktig og effektiv måte. Pris per person NOK 800,-.

19-21. Januar, Skredkurshelg Mjølfjell Ungdomsherberge: Høgfjellsfølelse, nydeleg lokalmat, og ei skredfagleg sosial ramme gjennom heile helga. Pris per person NOK 4950,- inkluderer 2,5 dagars grunnleggande skredkurs, kost og losji heile helga.

3-4. Februar, Grunnleggande skredkurs Voss Resort: Kurset er hovudsakeleg praktisk retta og går over to fulle dagar (09-16), men har også noko teori. Kurset fokusera på terrengforståing og ferdsel i skredterreng, korleis finne den beste snøen, fareteikn i snøen, og kameratredning. Pris per person NOK 3200,-.

Vidaregåande skredkurs: Ynskjer du å utvide kunnskapen din om snøskred, snødekke, stabilitetstestar, og korleis du kan bruke den informasjonen i skiturane dine? 2,5 dagarskurset inneheld både teori og praksis, og du lærer å bruke ulike digitale hjelpemiddel for å finne den beste snøen. Kurset gis på førespurnad. Pris per person NOK 3500,-.

Utstyr: Dagstursekk, alpine turski, telemarkski, eller splitt-board med feller. Kameratredningsutstyr (kan også lånast gratis av Tindeguide).

Nivå: Nybegynnar, Middels, Ekspert

  • Last Updated: 14.12.2017
  • Source: Destinasjon Voss AS
Dates

lør 3. februar 2018 0:00

søn 4. februar 2018 0:00

See All
Skredkurs med Tindeguide
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad