Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Skriveopplæringa – viktigare enn nokon gong?

Mer info
Språkrådet og Instituttet for lærarutdanning (ILU) ved NTNU inviterer til frukostmøte med lansering og debatt. Vi har laga ei kartlegging av norsklærarens kompetansar, roller og ansvar, og vi vil presentere kunnskap om skriveopplæringa i skulen, som bør få konsekvensar for grunnutdanninga til lærarstudentane.

I debatten vil vi diskutere følgjande:
- Korleis kan vi utdanne trygge skrivarar og språkbrukarar?
- Kva skjer med skriveopplæringa i den digitale tidsalderen, og kva kompetanse treng lærarane i framtida?

Program- og debattleiar for arrangementet er NRK-journalist Hilde Zahl.

Arrangementet er gratis. Vi ber publikum om å ta ut gratisbilletter i Hoopla.

Arrangementet blir også strøymt: https://www.youtube.com/channel/UCVmxF8GhCHQioZz_NEf0Lbw/live

Teiknspråktolk er bestilt.

Stad: Sellanraa

Sist oppdatert: 05/15/2024

Kilde: Hva skjer kalender

Sider du nylig har besøkt