Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Skulpturkurs

Kjøp billetter her
Skulpturkurs
Skulpturkurs

Vil du bli med på den nye mindfulness-trenden og forme i leire?
Gjer noko godt for deg sjølv – både for kropp og sjel – og bli med på årets keramikkurs på Oseana! Kurset blir leia av keramisk designar Silje Haugland Rangset.

Leire er eit spennande, organisk materiale som opnar opp for kreativ utforsking og vakre resultat. På kurset brukar vi høgbrent steingodsleire (ikkje tørkeleire). Alt du lagar, blir glasert og brent, både i råbrann og glasurbrann.
Kurset krev ingen forkunnskapar og her vil du lære formings- og dekorteknikkar.

Denne dagen held vi to skulpturkurs:
Kurs 1: Barn (4–17 år): 11:00–14:00
Kurs 2: Vaksne (18+): 15:00–17:00Alt du treng, er inkludert:Éi pakke selvtørkande leire (fleire kan kjøpast ved behov)Opplæring av ein erfaren keramisk produktdesignarLeireskulpturen du lagar, kan du ta med deg heim same dag.

PS: Det er òg mogleg å kjøpe keramisk design, handlaga av Silje H. Rangset, lokalt produsert i verkstaden på Halhjem i Bjørnafjorden. Produkta finn du i gåvebutikken til Oseana.

Har du spørsmål, kan du kontakte Silje på tlf: 986 20 322.
Hjarteleg velkomen til den nye, kreative mindfulness-trenden!

Billetter

Sist oppdatert: 01/24/2025

Kilde: Visit Bergen

Skulpturkurs

Billetter

Sider du nylig har besøkt