Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Ålesund & Sunnmøre Ørsta

Slåttekar i himmelen

Overview

Slåttekar i himmelen - Edvard Hoem si populære bok blir teater!

Teaterframsyninga er basert på den første romanen i serien som følgjer Nesje-slekta frå Rekneslia i Molde til prærien i Amerika. Ei forteljing som ikkje berre er ei skildring av forfedrane til Edvard Hoem, men også eit stykke norsk historie.

Nesje, eller slåttekaren som han blir kalla, er enkemann og har ein son å ta seg av. Han finn kjærleiken på ny med Serianna, ei kvinne som røyker pipe og får Nesje med på seifiske. Gjennom eit liv med hardt arbeid og store val, blir ungeflokken større. Kvardagen er eit slit for å skaffe familien eit verdig liv, som hos så mange småkårsfolk langs Romsdalsfjorden. Draumen om ein ny start gjer at mange vel å selje ut, bryte opp og setje kursen over til det lova landet i vest. Gjertine, søstera til Serianna, drøymer om å dra, sjølv om ho er berre ungjenta. Det begynner å kome brev frå utvandrarar som fortel om ein frodig, men også ugjestmild prærie som skal bli til gardsbruk og heim.

Dei fire bøkene i slektskrønika Slåttekar i himmelen; Slåttekar i himmelen, Bror min på prærien, Land ingen har sett og Liv andre har levd har hatt eit opplag på eventyrlege 330 000 bøker og vunne ein stor lesarskare. Bentein Baardson har regien på Slåttekar i himmelen, ei oppgåve han ser på som ei stor utfordring. – Eg gler meg og kjenner ærefrykt i møte med slåttekaren, seier regissøren.

  • Last Updated: 02.09.2019
  • Source: Geirangerfjord - Ålesund & Sunnmøre
Dates

ti. 1. september 2020 19:00 21:30

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
Slåttekar i himmelen
Your Recently Viewed Pages