Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Slik takler du IDIOTENE PÅ JOBBEN! 2

Kjøp billetter her

Førre gong Stenstrøm besøkte oss blei det raskt utseld, derfor er det lurt å sikra seg billettar no!
Suksessforedraget er attende i heilt ny utgåve! «Slik takler du IDIOTENE PÅ JOBBEN 2» er oppfølgjaren til foredraget som har gått for fulle kulturhus dei siste åra. Utseld gong på gong – fordi alle har minst éin idiot på jobben. Per Henrik Stenstrøm leverer nok ein gong eit morosamt og tankevekkjande foredrag om arbeidslivet. IDIOTENE 2 er proppfullt av nye historier og skråblikk som hjelper deg å forstå dei kollegaene du ikkje forstår deg på.
IDIOTENE PÅ JOBBEN 2 tar opp alt som står i vegen for motivasjon på arbeidsplassen – anten det er irriterende kollegaer, håplause sjefar eller vanskelege kundar. Stenstrøm besøkjer med sine foredrag nesten 150 arbeidsplassar kvart år og denne kvelden får du løyndomane som gir betre arbeidsmiljø. Og ikkje minst: Korleis vi kan bli kvitt baksnakking og surmuling på jobben!
Per Henrik Stenstrøm er ein av Norges mest populære foredragshaldarar og har skrive bøkene «Irriterende kolleger» og «Når sjefen er en idiot».
Bli med på suksessen – her blir det både latter og aha-opplevingar!



Varigheit: Om lag 90 minutt.

Rullestolplass og ledsagerbillett: Eit avgrensa antal rullestolplassar og ledsagarbillettar kan kjøpast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no

Billetter

Sist oppdatert: 12/05/2025

Kilde: Visit Bergen

Slik takler du IDIOTENE PÅ JOBBEN! 2

Billetter

Sider du nylig har besøkt