Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Soga om Sol

Kjøp billetter her

Velkomen til ein rørande kveld med vakker musikk, ei gripande handling - delvis sann, men for det meste oppdikta - om korleis livet
som emigrant frå Noreg og immigrant til Amerika kunne arte seg - denne gongen ikkje på prærien, men i storbyen New York.

Opera Nordfjord gler seg til for første gong å turnere lenger sør i fylket og ser fram til å vise fram den vakre historia om Sol
Siljegard, som saman med eventyraren Emil Felespelar reiser frå fattigdom og overgrep til fridom og ei ny framtid i det nye landet.
Sol har ei vakker songstemme, og ho finn seg straks til rette i den nyfunne teaterfamilien sin i Danny Gold sitt Sideshow midt i New
York, der det er stor takhøgd for dei som er annleis. Emil er sendt i krigen i Europa, og Sol ventar stadig på livsteikn frå han.

Etter suksessen i 2023 med utvandrarmusikalen Soga om Sol av Øystein Wiik og Gisle Kverndokk var vegen kort til å tenke på ein reprise
allereie i 2025, så snart ein vart kjend med planane om eit storstilt utvandrarjubileum, Crossings 200, både i Noreg og USA. I år er det 200 år sidan
den første organiserte Amerika-reisa gjekk frå Stavanger til New York i 1825 med skuta Restauration.

I over eit år har distriktsoperaen på Nordfjordeid lagt planar for ein USA-turné hausten 2025, men ein valde å avlyse turnén på grunn av den ustabile og usikre politiske situasjonen i landet. Då er det ekstra gledeleg å annonsere at ein avlyst turné i USA i staden betyr Vestlandsturné
til fire utvalde kulturhus i Vestland fylke.

Årets reprise er basert på den opprinnelege regien til Michael Pavelich, denne gongen iscenesett av koreograf og regiassistent Gard
Bjørnson. Det øvrige kunstnariske teamet består av scenograf Anndi Bergset frå Stryn, kostymedesignar Heidi Kverndokk frå Ålesund, lysmeister Ovar Holmen frå Nordfjordeid, maskør Hege Ramstad frå Oslo og kapellmeister Bjørnar Myhr frå Ålesund.

Solistlaget er delvis skifta ut sidan førre oppsetting; denne gongen er det Nora Aurdal frå Volda som gjer rolla som Sol Siljegard, Ole
Morten Velde frå Karmøy spelar Emil Spelemann, Simon Standal Pavelich spelar rolla som Danny Gold, og i det øvrige solistensemblet møter vi Sunniva Botn Honningsvåg, Runa Bergem, Martha Standal Pavelich, Thea Bjørhovde Mavropoulou, og ei rekkje dyktige, lokale  musikkteaterstudentar og amatørar.

Komponist Gisle Kverndokk er i ferd med å lage ein orkesterreduksjon frå 25 til 10 musikarar for å gjere produksjonen turnéklar;
det vert likevel framleis full Broadway-stemning når Happy Tune fyller scene og sal!

Framsyningslengde: om lag 2,5 time.
Rullestolplass og ledsagerbillett: Eit avgrensa antal rullestolplassar og ledsagarbillettar kan kjøpast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no

Billetter

Sist oppdatert: 07/08/2025

Kilde: Visit Bergen

Soga om Sol

Billetter

Sider du nylig har besøkt