Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Solplomme - konsert i Smørklepp

Opplev ein forsmak av midtsumar...

Kjøp billetter her

Opplev ein forsmak av midtsumarpå tre unike stader...

Ei helg i mai får du få ein smakebit av midtsumaren på tre unike stader i Telemark: Lifjell kunstsenter, Smørklepp kunstmuseum og Nutheim gjestgiver og kunstnarhotell. Anna Kleiva og Vilde Tuv blandar naturpoesi med elektronika i verket Solplomme.

Solplomme er inspirert av naturen, folka, vesen, klimaet og stemninga i Romedalen i Ørsta, der verket fyrst blei framført. Verket er satt saman av opptak av lydar og forteljingar frå området, gjeve gjennom elektronikk, fløyter og vokal, framført i dialog med dikta. Med mytane og tradisjonane frå midtsumaren som utganspunkt, utforskar dei endringsvilja i naturen og i mennesket. Når sola vender, er alt vidope.

Framsyninga blei fyrst laga som bestillingsverk til Festspela i Ørsta. Verket har etterpå blitt framført på Munchmuseet i Oslo og på Bergen internasjonale litteraturfestival. No vil Kleiva og Tuv gjenskape poesien i jonsokbålet, spirande blomar og fellesskap i møte med regnbyer og fjellras i elektronisk musikk på tre unike stader i Telemark.

Laurdag 24. mai kl. 14.00 kjem Solplomme til Smørklepp kunstmuseum. Midt i det telemarkske «målarlandskapet» finn du ei løynd perle av eit museum, med ei stor samling måleri av Henrik Sørensen og Harald Kihle. Frå parkeringa opp til museet er det 400 meter skogsveg med litt stigning. Kva med å starte laurdagen med eit stopp innom bakeriet på Mjonøy og så ein frisk gåtur opp til Smørklepp?

LENKE TIL BILETTSAL: https://checkout.ebillett.no/361/events/56/purchase

23. mai Lifjell kunstsenter

25. mai Nutheim gjestgiveri


I  2024 kom “Solplomme” ut som diktsamling på Oktober forlag. Det er mogleg å kjøpe samlinga før og etter konserten.


Om kunstnarane:

Anna Kleiva (f. 1985) er ein prislønna forfattar og omsetjar som hovudsakleg arbeider med poesi og essayistikk. Sidan 2011 har ho gjeve ut tre kritikarroste diktsamlingar på Oktober forlag. Kleiva blir omtala som ei formmedviten og nyskapande poetisk stemme. I forfattarskapen behandlar ho tematikkar som stad, tilhøyrsle, natur, fridom, rørsle og språk. For diktsamlinga Vårar seinare (2015) fekk ho mellom anna Bjørnsonstipendet og Melsomprisen.


Bergensbaserte Vilde Tuv (f. 1986) har etablert seg som ein av Noregs mest interessante kunstnarar og musikkprodusentar. Melting Songs vann Spellemannprisen i 2021 i kategorien Elektronika. Med musikk rett frå hjartet, med klare melankolske undertonar, og ærlege, utfordrande produksjonar, har ho blitt møtt med strålande kritikkar frå norsk og utanlandsk presse. Om det nyaste albumet er det mellom anna sagt at det viser ei «Usedvanlig sterk personlig stemme» (Klassekampen)


Framsyninga varer i om lag 45 minutt.


Billetter

Sist oppdatert: 02/24/2025

Kilde: Vest Telemark

Solplomme - konsert i Smørklepp

Billetter

Sider du nylig har besøkt