Sommarutstilling på Skinnarlandsamlinga 2022
- Nedre Såtehov 4, Rauland
- +47 35069090
-
25. juni 2022 - 14. august 2022
- (44 Upcoming Dates)
Sommarutstillinga på Skinnarlandsamlinga vil i år presentere arbeid av kunstnarane Morten Juvet og Ingrid Lilja Arntzen . Utstillingsopning: 25. juni 2022 kl. 18.00
MORTEN JUVET
Morten Juvet er fødd i Holmestrand i 1953, der han framleis bur og arbeider. Han er utdanna ved Kunstskolen i Trondheim, Studieatelieret i Bergen og ved Statens Kunstakademi Oslo.
Morten Juvet er omtala som ein postmoderne kunstnar. Humor, ironi og fleirtydigheit kan du oppleve i arbeida hans. Dyr, fuglar, tre og skog er motiv som er med i dei fleste arbeida, og vi kan lett kjenne igjen menneskelege eigenskapar og situasjonar i kroppsspråket og i miljøet dyra og fuglane er plasserte i. Han bur på ein gard med nærleik til skogen og «rapporterer frå skogbrynet», som det står på heimesida hans, www.mortenjuvet.no
Han arbeider innanfor ulike teknikkar, som grafikk, måleri og skulptur.
Han har hatt ei rekke kollektiv- og separatutstillingar i Noreg og i utlandet og er representert i ulike samlingar: Museet for Samtidskunst, Nasjonalgalleriet, Bergen Billedgalleri, Trøndelag Kunstmuseum, Drammens Museum, Holmestrand Museum, Oslo Kommunes Kunstsamlinger, Asker Kommunes Kunstsamlinger, Skiens Kunstsamling, Vestfold Fylkeskommune, Holmestrand kommune, Våle kommune, Trondheim kommune, Vänersborg kommune, Horten kommune, Modum Kunstforening, Holmestrand Kunstforening, Kongsberg Kunstforening, Arendal Kunstforening.
Representert i samlinger: Vestfold Haugar kunstmuseum
INGRID LILJA ARNTZEN
Ingrid Lilja Arntzen er fødd i Ålesund i 1959. I dag bur og arbeider ho på Nesodden. Ho har ein bachelorgrad i pedagogikk, har musikkutdanning og er tidlegare musikar. Ho har arbeidd med måleri sidan 2004. Frå 2008 har ho arbeidd saman med kunstnaren Terje Risberg i den grafiske verkstaden på Nesodden. Teknikken til Ingrid er djuptrykk, ein tidkrevjande grafisk teknikk, der motivet vert etsa ned i ei plate, før trykking i fleire omgangar. Grafikken vert trykt for hand i verkstaden. Motiva i bileta hennar er ofte dyr og fuglar mot ein bakgrunn av spennande lag av fargeflater og former. Ho seier sjølv om bileta sine:
«Motivene henter jeg fra virkeligheten- og litt bortenfor. Jeg forsøker å gi bildet et uttrykk som ikke kan fanges med ord.»
Ho har delteke på ei rekke kollektiv- og separatutstillingar og er kjøpt inn av Havforskningsinstituttet i Bergen, Solstrand Hotel&Bad, Os, Bergen, Helse Vest, Barneavdelingen, Bergen, Filmkritikerprisen 2018, Stiftelsen Kjell Holms kunstsamling, Ålesund 2020, Nesodden kommune 2021.
Medlem av Norske grafikere og Norske Billedkunstnere.
Heimeside: http://ingridlilja.no
- Last Updated: 09.02.2022
- Source: Vest Telemark
lø. 25. juni 2022 11:00 – 17:00
sø. 26. juni 2022 11:00 – 17:00
ti. 28. juni 2022 11:00 – 17:00
on. 29. juni 2022 11:00 – 17:00
to. 30. juni 2022 11:00 – 17:00
fr. 1. juli 2022 11:00 – 17:00
lø. 2. juli 2022 11:00 – 17:00
sø. 3. juli 2022 11:00 – 17:00
ti. 5. juli 2022 11:00 – 17:00
on. 6. juli 2022 11:00 – 17:00
to. 7. juli 2022 11:00 – 17:00
fr. 8. juli 2022 11:00 – 17:00
lø. 9. juli 2022 11:00 – 17:00
sø. 10. juli 2022 11:00 – 17:00
ti. 12. juli 2022 11:00 – 17:00
on. 13. juli 2022 11:00 – 17:00
to. 14. juli 2022 11:00 – 17:00
fr. 15. juli 2022 11:00 – 17:00
lø. 16. juli 2022 11:00 – 17:00
sø. 17. juli 2022 11:00 – 17:00
ti. 19. juli 2022 11:00 – 17:00
on. 20. juli 2022 11:00 – 17:00
to. 21. juli 2022 11:00 – 17:00
fr. 22. juli 2022 11:00 – 17:00
lø. 23. juli 2022 11:00 – 17:00
sø. 24. juli 2022 11:00 – 17:00
ti. 26. juli 2022 11:00 – 17:00
on. 27. juli 2022 11:00 – 17:00
to. 28. juli 2022 11:00 – 17:00
fr. 29. juli 2022 11:00 – 17:00
lø. 30. juli 2022 11:00 – 17:00
sø. 31. juli 2022 11:00 – 17:00
ti. 2. august 2022 11:00 – 17:00
on. 3. august 2022 11:00 – 17:00
to. 4. august 2022 11:00 – 17:00
fr. 5. august 2022 11:00 – 17:00
lø. 6. august 2022 11:00 – 17:00
sø. 7. august 2022 11:00 – 17:00
ti. 9. august 2022 11:00 – 17:00
on. 10. august 2022 11:00 – 17:00
to. 11. august 2022 11:00 – 17:00
fr. 12. august 2022 11:00 – 17:00
lø. 13. august 2022 11:00 – 17:00
sø. 14. august 2022 11:00 – 17:00
Sommarutstilling på Skinnarlandsamlinga 2022
- 25. juni 2022 - 14. august 2022
- What's Nearby