Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Spelet om Herman og huldra

Helga før jonsok 2025 set vi på nytt opp det historiske spelet «Herman og huldra» på husmannsplassen Vikje i Eikangervåg, Alver kommune.
Stykket handlar om livet i Eikangervåg rundt forrige århundreskifte, og er basert på historiske kjelder, forteljingar og tekstar frå Herman sjølv. Her møter ein bygdeliv, amerikadraumar og livets sorger og gleder i ei lita bygd i ei stor verd, og det heile krydra med huldra sitt stadige nærver.

Dette er ikkje ein dokumentar om Herman, men ei forteljing om eit menneske, eit miljø og ei tid. Men mest av alt er det eit håp at stykket får vist fram det almennmenneskelege. Kjensler og tankar som alltid er der, uavhengig av tid.

Manus og regi er ved Lars Voss Sørhus

Billetter kan kjøpes her.

Sist oppdatert: 05/30/2025

Kilde: Visit Bergen

Spelet om Herman og huldra

Sider du nylig har besøkt