VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Møre og Romsdal HERØY (MØRE OG ROMSDAL)

St. Petersburg festivalballett - "SVANESJØEN"

  • Fosnavåg Konserthus, Fosnavåg
  • +47 92042074
  • 10. november 2021 - 11. november 2021
  • (2 Upcoming Dates)
Overview

Opplev SVANESJØEN i levande live i Fosnavåg framført av St. Petersburg festivalballett

St. Petersburg festivalballett kjem til Fosnavåg med kanskje den mest kjende av alle ballettframsyningar!

Musikk: Pyotr Tchaikovsky
Koreografi: L. Iwanow og M. Petipa
Libretto av W. Begitchev og W. Geltzer
Scenografi og kostyme av Vyacheslav Okunev (Mariinsky Theatre, St. Petersburg)

Eit fullstendig kunstverk
Svanesjøen er ein av dei mest populære ballettane og tilhøyrer det internasjonale standardrepertoaret til den klassiske balletten. Trass i alt er denne balletten eit strålande verk av ein strålande komponist; Tsjaikovskij - og har alltid vore ein publikumsmagnet.

Koreografien til den opphavelege produksjonen vart laga av Julius Reisinger. Balletten vart urframført av Bolshoi Balletten 4. mars 1877 på Bolshoi Theatre i Moskva. Sjølv om han blir presentert i mange ulike versjonar, baserer dei fleste ballettkompanier sine iscenesettingar både koreografisk og musikalsk på 1895-versjonen til Marius Petipa og Lev Ivanov, som først vart sett opp for den keiserlige balletten 15. januar 1895 på Mariinsky-teatret i St. Petersburg.

Den populære klassiske balletten fortel historia om Odette, ei prinsesse som blir forvandla til ei svane av forbanninga til ein ond trollmann. Odette må leve som svane på dagtid, men om natta blir ho igjen eit menneske. Dette skjer kveld etter kveld, og dansande i den menneskelege forma si blir ho sett av ein prins, Siegfried. Siegfried forelskar seg i Odette og ber henne kome til slottsballet kvelden etter. Trollmannen Von Rothbart finn ut dette, og han tar med dottera si Odile til ballet. Odile ser ut akkurat som Odette, berre at ho kler seg i svart medan Odette kler seg i kvitt. Siegfried trur Odile er Odette, og han sver den evige kjærleiken sin til henne for å bryta forbanninga. Odette viser seg, og prinsen skjønner kor feil han har tatt

Ypperlege solistar og dansere, fantastisk scenografi og kostyme kombinert med ein fantastisk lysdesign og fantastisk musikk, innspelt av eit vedunderleg symfoniorkester. Det er dette St. Petersburg Festival Ballet og Hungary Festival Orchestra tilbyr ballettelskarar over heile verda

  • Last Updated: 28.04.2021
  • Source: Geirangerfjord - Ålesund & Sunnmøre
Dates

on. 10. november 2021 19:30 22:00

to. 11. november 2021 19:30 22:00

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
St. Petersburg festivalballett - "SVANESJØEN"
Your Recently Viewed Pages