Dynamic Variation:
Book
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Nordfjord Selje

Stadlandet Rett Vest

Overview

Stadlandet Idrettsalg inviterer også i år til "Noregs vakraste fjelltrim" - på Stad.

STADLANDET RETT VEST - 13,2 km løype
Løypa starter på Dragseidet , staden der Olav Tryggvason kalla stormenn frå 4 fylker til kristningsting i året 997. Her går også gamle ferdavegen der folket i eldre tider drog båtane sine over eidet for å sleppe å sigle rundt det farlige Stadthavet. Sjølve løypetrassene utover fjellplatået mot Ervik har moderat stigning, med ei panorama utsikt mot Stadthavet men og nordover til Sunnmørsalpane, Bremanger i sørvest og Nordfjord i aust. Mosekleivhornet er løypas høgste pkt. med sine 540 m.o.h. Her har du ei fantastisk utsikt mellom anna til Hoddevik med si nydelige strand. Sjølve nedstiginga er noko bratt og utfordrande men ikkje på nokon måte farlig. Her er utsikta fabelaktig mot havet, Ervikbygda og Vestkapp. Stadlandet er ein stad der vi på ingen måte kan garantere for fint veir, det skriftar fort så langt vest i havet. Vi råder mosjonistane til å vere kledde for skriftande veir og gjerne ha med noko varmt tøy i sekken.

Korleis kjem ein til startpunkt for Stadlandet Rett Vest?
Stadlandet ligg i Selje kommune i Sogn og Fjordane fylke. Riksveg 620 går til Leikanger og her blir det lokal skilting til parkeringsplass for deltakarar i fjelltrim løpet. Buss opp på Dragseidet der starten går for alle klasser, både for mosjonister- og konkurrenter .

FAMILE OG BARNEVENNLEG TUR RUNDT ERVIKVATNET - 6,3 km
For dei som ikkje ynskjer å gå fjell løypa tilbyr idrettslaget ei merka turløype rundt Ervikvatnet i Ervikbygda. Denne turen passer godt for dei med små born men kan by på utfordringar dersom de tenkjer å ha med barnevogn eller trille. Her vil det også i år bli sett opp postar for borna med quiz spørsmål frå naturen i Ervik. Trygg og fin løype for heile familien.

 

 

  • Last Updated: 02.01.2018
  • Source: Reisemål Stryn & Nordfjord
Dates

lør 26. mai 2018 0:00

See All
Stadlandet Rett Vest
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad