Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway

Stig Ulv

Overview

Stig Ulv er ute med ny plate,Dur. Dette er artisten sitt tredje studioalbum og innheld 10 melodiar i kjent Stig Ulv stil der gitarane
står for all musikken. 
Det set sine spor å vekse opp i Ørsta, Ivar Aasen si heimbygd, som ligg klemt mellom mektige fjordar og majestetiske fjell på Søre Sunnmøre. Det er truleg her, i skjæringspunktet mellom folk og natur, at den har oppstått, Stig Ulv sitt distinkte varemerke: Den uimotståelege klangen. 
Den som fekk Magne Furuholmen til å avbryte han midt under ein konsert for å få med seg ein signer CD. Den som gjer at Dagbladet sin journalist Tom Stalsberg finn det tvingande nødvendig å be folk om å sjekke ut den beskjedne sunnmøringen.

Stig Ulv spelar ikkje på gitarar, han får dei til å snakke. På nynorsk sjølvsagt. Med utsøkt gitarteknikk, ein reinskåren følelse for harmoni og melodi, og ein lyd som ber tonar over hav.

- Dette er ikkje akkurat festmusikk, seier Stig Ulv sjølv.

Og det takkar vi for. Det fins nok av slikt. Nei, Stig Ulv er noko heilt anna: Ro og pusterom. Høgst nødvendige komponentar i ei samtid prega av stadig aukande krav til tempo og effektivitet. Sjølv kallar han det stemningsfull instrumentalmusikk. Men det er berre for han er beskjeden.

Stig Ulv representerer noko heilt unikt på den norske musikkhimmelen i dag. Han er noko så sjeldant som eit friminutt frå stress og mas.
Det handlar om han og gitaren. Og sjelefred, intet mindre.

Dur finn du frå 1.okt på Wimp, Spotify, iTunes, CD og vinyl 
Liveplata«
Strengeklimpring « finn du på Wimp, Spotify og iTunes.Albuma
"Strengetonar" og "Klimprar" finn du på Wimp, Spotify,
iTunes, CD og vinyl.

  • Last Updated: 28.01.2020
  • Source: Geirangerfjord - Ålesund & Sunnmøre
Dates

to. 19. mars 2020 19:00 20:00

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
Stig Ulv
Your Recently Viewed Pages