Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Storm Weather Shanty Choir - 25 år og jubileumsturné!

Kjøp billetter her
Storm Weather Shanty Choir levert rå og energiske tolkningar av sjantiar og sjømannssongar i 25 år.
Dei går inn i jubileumsåret med uforminska energi!

Den tidlegare seglskutesjømannen Haakon Steinar Vatle starta Storm Weather Shanty Choir etter inspirasjon frå seglskipet Statsraad Lehmkuhl, der han jobba på dekk i fleire år.

Då han vende tilbake til Stord samla han venegjengen, Rune Nesse, Vidar Vedå, Gisle Østrem, Ronny Sætre og Roald Kaldestad, og danna rockekoret.

Musikalsk famnar Storm Weather Shanty Choir stadig breiare, og dei har blitt kjende som eit fargerikt innslag i både folkemusikk- og rockemiljø. Dei har turnert fleire gonger i Japan, USA og Europa, og her heime har dei spela på festivalar som Vossa Jazz, Den festivalen i Vangen, Trænafestivalen, Tysnesfest, Førdefestivalen, Bergenfest, Folkelarm og by:Larm. I tillegg er dei årvisse gjengangarar med utselde hus i Oslo, Trondheim og Bergen.

Deira inkluderande konsertar er ein garantert publikumsvinnar, og eit friskt pust på alle konsertscenar. 2025 blir året for jubileumskonsertar og fine gjester på scenen!

Billetter

Sist oppdatert: 12/10/2024

Kilde: Hva skjer kalender

Storm Weather Shanty Choir - 25 år og jubileumsturné!

Billetter

Sider du nylig har besøkt