Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Stunder av verkelegheit

Mer info

Stunder av verkelegheit er ei svært gripande framsyning med både humor, alvor og mest av alt – menneskeverd. Stykket har vore framført over heile verda, og det er unikt at det no skal spelast for publikum her på Oseana.
Jan Jönson er ein svensk skodespelar og regissør som i mange år jobba på Dramaten i Stockholm. I 1985 fekk han ei oppleving då han spelte ein monolog, og dette vart avgjerande for hans vidare liv.
Han har sidan den gongen jobba med å setje opp skodespela til Samuel Beckett i fengsel, med dei innsette som skodespelarar. Dette har skjedd på mange stader i verda, mellom anna i sikkerheitsfengselet Kumla i Göteborg og San Quentin i California. Her jobba Jönson tett saman med Beckett.
Dei innsette, som oftast hadde eit fattig språk, meiningslause dagar og ingen aksept, fekk oppleve ei ny verd med språket til Beckett, som har vunne Nobelprisen i litteratur. Dei kjende seg att i karakterane til Beckett, og sa at "dette er ikkje noko skodespel, det er vår dagbok." Dei fekk noko meiningfullt inn i livet, og gjerne for første gong anerkjenning! Dette vart heilt avgjerande for dei, som var dømde på livstid, og endra livet deira totalt.
I denne framsyninga fortel Jan Jönson om heile dette prosjektet frå han var på Dramaten og fram til i dag, møta med fangar og tilsette, møta med Samuel Beckett og korleis det har gått med dei innsette.
Varer om lag 4 timar inkludert pause.


Foto: Anita Price

Sist oppdatert: 05/27/2024

Kilde: Visit Bergen

Sider du nylig har besøkt