Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Tøffere enn du tror // Psykolog med sovepose

Mer info

Nokre menneske er som Lars Monsen eller Marit Bjørgen. Dei står opp om morgonen og tenkjer: «detteskal eg gjere». Også gjer dei det. Vi andre står opp om morgonen og tenkjer «dette skal eg gjere», for deretter å gjere noko heilt anna. Vi drøymer og ynskjer, men endar på underleg vis opp med å gjere noko heilt anna.

Vi bekymrar oss, unngår å planleggje, utsetje, unngår å finne løysingar på problema, og på slutten av dagen sitt vi i sofaen og scrollar medan vi drøymer om noko heilt anna. Og den draumen kan vera kva som helst: det kan vera å våga å prate til damer, søkje på den jobben du har lyst på, dra aleine på byen – eller kanskje det er å våga å fortelje dei vaksne ungane dine at dei må lage julesteika sjølv i år, for du skal til Svalbard og sjå på nordlyset du drøymde om då du var fjorten.

Dette er føredraget om kvifor, korleis og kva du skal gjere for å få gjennomført draumane dine. Johanne Refseth er psykolog, som er ute på tur så ofte som ho kan. Med Instagram-kontoen «psykolog med sovepose» har ho opparbeida seg ein stor og ivrig følgjerskare. «Tøffere enn du tror» er hennar andre bok.


Varer i ca. 60 minutt.

Sist oppdatert: 09/07/2024

Kilde: Visit Bergen

Sider du nylig har besøkt