VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Vestland STORD

Teater Vestland: Frakt under havet

Overview

Eddie Corbone nyt stor respekt i nabolaget og på arbeidsplassen. Saman med kona Beatrice har han oppdratt niesa hennar, Catherine. Eddie er ein overbeskyttande far, noko som for alvor kjem til overflata då familiekjenningane Marco og Rodolpho kjem ulovleg til landet, og familien tar på seg risikoen med å huse dei. Catherine og Rodolpho forelskar seg i kvarandre. Ulike kulturar kolliderer, og det utløyser angst og hat. Situasjonen endar med drap.

Handlinga går for seg blant italienske hamnearbeidarar i New York på midten av 1900-talet. Den frie immigrasjonen til Amerika er stogga, men nauden i Italia driv likevel mange til å reise over havet for å bli smugla inn. Dei illegale immigrantane blei kalla 'submarines', undervassbåtar. Det er forklaringa på den norske tittelen på stykket, «Frakt under havet».

Tittelen kan også ymte frampå om at flyktningar og migrantar har med seg noko meir enn det som reint fysisk blir lagt i reisekista. Dei har med seg ein heil kultur, og dei blir ofte ståande i spennet mellom å halde på eigne tradisjonar og å ta opp i seg nye. Stykket fortel noko viktig om det å vere ny i eit land. Vi lever i ei tid der millionar er på vandring, og der utnytting av billig arbeidskraft og misbruk av folk er så daglegdags at vi knapt reagerer på det.

«Frakt under havet» er ein av dei store, amerikanske klassikarane frå 1950-talet, skriven av Arthur Miller. Stykket er sett opp fleire gonger i Norge, både på teater og fjernsynsteater. På Teater Vestland blir dette ein storslegen produksjon med sju skodespelarar og to statistar på scena.


Av Arthur Miller
OMSETJING Ola E. Bø
REGI Bentein Baardson
SCENOGRAFI OG KOSTYMEDESIGN Siri Langdalen
DRAMATURG Bodil Kvamme
LYSDESIGN Krystian Myska


MEDVERKANDE:
Kyrre E Ottersen
Reidun Melvær Berge
Idun Losnegård
Torfinn Nag
Joakim Thrane
Torgeir Reiten
Lars Sørbø

  • Last Updated: 16.06.2020
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Dates

lø. 14. november 2020 19:00

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
Teater Vestland: Frakt under havet
Your Recently Viewed Pages