Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Vestland ETNE

Teater Vestland: Gratis og uforpliktande verdivurdering

  • Skakke (Etne), Strondavegen 30, Etne
  • +47 48996179
  • 9. februar 2022
  •  /  19:00
  • (1 Upcoming Dates)
Overview

«Gratis og uforpliktande verdivurdering» er basert på boka til Marit Eikemo, ein knakande god pageturner om moderne, norsk kvardagsliv.

Nokre-og-førti år gamle Hanne bur saman med Andreas og to små born i ei leilegheit som ho vil seie er perfekt for studentar eller einslege.

Så dukkar draumehuset i sjølve draumegata opp på finn.no. Hanne har studert nabolagsprofilane for heile byen, og ingen har betre nabolag enn her. Det er ein ressurssterk bydel med godt utbygde idrettsanlegg og ein høg andel sosialistiske veljarar. Dei tenker ikkje berre på seg sjølve her, nei!

Viss dei berre får kjøpt det huset, skal ho starte dagen i treningsklede. Ho kjem til å bli så sprek at ho har overskot til alle. Heilt umerkeleg vil ho smelle saman ei røre og servere sveler til alle ungane, og naboane vil vera så gode venner at det er naturleg å ha grillfest saman. Og viss ho berre finn den rette eigedomsmeklaren, vil dei ikkje då få betre takst på leilegheita og «ja» til nytt huslån?

Me følger Hanne og Andreas i dagane fram mot bodrunda. Fleire spørsmål melder seg: Kven er det som eigentleg har dratt lasset i alle desse åra? Er lengten etter draumehuset like mykje eit forsøk på å få forholdet til å henga saman? Og kva konsekvensar får fortidas små og store svik for den viktige avgjerda som ligg framfor dei?

Kunstnarleg lag
Forfattar Marit Eikemo
Dramatikar Mari Hesjedal
Regissør Linn Meyer Kongshavn
Scenograf og kostymedesignar Mari Lotherington
Komponist Marianne Stranger
Lysdesignar Krystian Myska
Dramaturg Miriam Prestøy Lie
Ansvar for scenisk språkovergang Terje Lyngstad

Medverkande
Idun Losnegård
Kyrre Eikås Ottersen
Carina Furseth
Peder Lauvås

  • Last Updated: 23.11.2021
  • Source: Destinasjon Haugesund & Haugalandet
Dates

on. 9. februar 2022 19:00

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
Teater Vestland: Gratis og uforpliktande verdivurdering
Your Recently Viewed Pages