Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Teater Vestland - Putemannen

Sandnes Kulturhus samarbeider med Teater Vestland om Martin McDonaghs "Putemannen", en mørk komedie om kunst og moral.

Kjøp billetter her

Nytt samarbeid med Teater Vestland

Sandnes kulturhus er et av de største spillestedene til Riksteatret, og vi skulle gjerne hatt alt som skal ut på turne fra dem. Det lar seg ikke alltid gjennomføre siden de har mange spillesteder i vårt langstrakte land. Vi er derfor veldig glade for at vi nå kan tilby vårt publikum mer profesjonelt teater gjennom samarbeidet med Teater Vestland.

OM FORESTILLINGEN
"The Pillowman is a spellbinding stunner of a play. Comedies don't come any blacker than this" - NEW YORK TIMES
Putemannen er ein mørk komedie, der samfunnets tabu blir løfta opp og dratt ut i det ekstreme på ein slik måte at vi ikkje kan anna enn å le.
Ein forfattar i ein totalitær stat er tatt inn til avhøyr. Det har skjedd fleire brutale barnedrap, som liknar mistenkeleg på handlinga i nokre av forfattarens noveller. Er kunsten blitt imitert, eller ligg det noko meir bak? 

Handlinga skyt fart i ein kaskade av lunefulle innfall og overraskande vendingar. Sanning og rettferd fordampar som bensin på bålet. Stykket utforskar forholdet mellom kunst og moral og stiller spørsmål ved kva som skjer når fantasien grip inn i verkelegheita.
Idun Losnegård spelar hovudrolla i denne svarte komedien, som er rekna som eit meisterverk frå den britisk-irske dramatikaren Martin McDonagh.

Aldersgrense 16 år.

På scenen
Ida Marie Bakkerud, Anderz Eide, Idun Losnegård , Gerald Pettersen og Eirik Risholm Velle
Team
Lysdesignar: Arne Kambestad. Regissør: Terje Skonseng Naudeer. Komponist og lyddesignar: Kjetil Schjander Luhr. Scenograf og kostymedesignar: Hegrenes Åse

Av Martin McDonagh
Omsett av Tove Bakke

Regissør Terje Skonseng Naudeer
Scenograf og kostymedesignar Åse Hegrenes
Lysdesignar Arne Kambestad
Komponist og lyddesignar Kjetil Schjander Luhr
Skodespelarar Idun Losnegård, Gerald Pettersen, Anderz Eide, Ida Marie Bakkerud og Eirik Risholm Welle

Forestillingslengde: 2 timer (ingen pause).

Premiere: Førde 28. feb 2025
Produsert av Teater Vestland

Billetter

Sist oppdatert: 01/23/2025

Kilde: Region Stavanger

Teater Vestland - Putemannen

Billetter

Sider du nylig har besøkt