Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Telavågtragedien

Mer info

Eit nytt musikkverk om terroren i øygapet.

Våren 1942 utslettar tyskarane fiskeværet Telavåg i Øygarden utanfor Bergen i ein brutal hemnaksjon. Dei sprengjer eller brenn dei 300 husa, senkar alle båtar, og tømmer bygda for folk. Mennene forsvinn i arrest og konsentrasjonsleir, medan barn, kvinner og gamle er internert på Framnes. Hendingane er blitt kalla den største terroraksjonen på norsk jord før 22. juli.

Dette er det dramatiske bakteppet for musikkverket Telavågtragedien, som er skrive til Sjøforsvarets musikkorps og blir urframført under årets festspel. Verket er ei forteljing om enkeltmennesket sine opplevingar, ein klagesong om frykt, redsle og grufull liding frå vår nære historie. Gjennom utvalde augeblikk og episodar fortel musikken om den dramatiske konflikten menneska frå Telavåg hamnar i og dei umogelege vala dei må ta.

Håkon Berge har komponert musikken, samt skrive den nynorske librettoen i samarbeid med Lars Berge. Sjøforsvarets musikkorps vil saman med Edvard Grieg Vokalensemble og heile seks solistar gje kropp og stemme til ei musikalsk framstilling av ei av dei mest gripande og umenneskelege forteljingane frå andre verdskrig i Noreg.

Telavågtragedien er det andre verket i Sjøforsvarets musikkorps sin trilogi om hendingar langs kysten i forsvaret av Noreg. Det fyrste verket var Slaget på Vågen av Håkon Berge og Cecilie Løveid, urframført i 2017.

«De brente våre gårder / De drepte våre menn / La våre hjerter hamre / Det om og om igjen.» – INGER HAGERUP

Bildet: Plyndringen av Telavåg, 3. mai 1942 (foto: Aud Johannesen)

Sist oppdatert: 02/26/2024

Kilde: Visit Bergen

Sider du nylig har besøkt