Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Telemarkfestivalen 2024 | Tingingsverket: «Locus» + Naaljos Ljom

Mer info

I 2024 vil det vere 100 år sidan jernbanen kom til Bø – og verda vart brått mindre.

I 2024 vil det vere 100 år sidan jernbanen kom til Bø – og verda vart brått mindre. Telemarkfestivalen ønskjer å markere 100 års-jubileet ved ta i bruk Pakkhuset ved Bø stasjon som ein eigen konsertarena for både tingingsverk og eigen temakonsert – båe med tog og jernbane som raud tråd. Det er første gong Pakkhuset vert nytta til konsertar.

Årets festival har si avgang frå Pakkhuset torsdag 8. august med tingingsverket, «Locus», med felespelar Håkon Aase frå Flatdal som komponist. I tingingsverket «Locus» vil publikum få vere med på ei musikalsk togreise frå Telemark og ut i verda. Musikken i tingingsverket vil spegle Aase sin fascinasjon og lidenskap for så vel den norske tradisjonsmusikken så vel som tradisjonsmusikk frå andre delar av verda. Kvelden avsluttast med konsert frå den banebrytande duoen, Naaljos Ljom, som er tungt inspirert av Eivind Groven si tilnærming til folkemusikken.

- Me har stor tru på at arrangementa på Pakkhuset vil bli ei fin markering av 100 års-jubileet for Bø stasjon, seier dagleg leier Kristoffer Mosfjeld som elles kan fortelje at arbeidet med å få i gang Pakkhuset som ny konsertarena går på skinner.

Tingingsverk: «Locus»
Torsdag 8. august 2024
Pakkhuset ved Bø stasjon, kl. 20:00 
335,- / 435,-* inkl. bill.avg. (*båe konsertar på Pakkhuset)

Musikalsk togreise frå Telemark og ut i verda
I 2024 er det 100 år sidan jernbanen kom til Bø – og verda vart brått mindre. Som så mange andre stader så har jernbana vore enormt viktig for Bø. Jernbana gjorde det meir lettvint for folk å reise ut frå Midt-Telemark og heim igjen – folkemusikarar inkludert. Ein kan såleis peike på korleis utøvarar innan folkemusikk tok med seg tradisjonsmusikken frå Telemark ut i verden, og dei kom gjerne heim med inntrykk frå andre musikktradisjonar som vidare vart med å forme den heimlege tradisjonsmusikken.

Håkon Aase er ein felespelar frå Flatdal i Telemark som er fostra opp på tradisjonsmusikken frå Telemark og andre musikkformer i ein musikalsk familie. Trass ung alder har han gjort seg merka med eminent og eigenarta spel. I tillegg til eigne prosjekt er han fast musikar for mellom andre Odd Nordstoga og Mathias Eick. Aase omtaler seg sjølv som ein verdsborgar når det kjem til musikk, og han er stadig på reisefot for å la seg inspirere av andre musikkformer rundt om i verda. Han har mellom anna reist mykje med tog i India.
I tingingsverket «Locus» vil publikum såleis få vere med på ei musikalsk togreise frå Telemark og ut i verda med Håkon Aase som lokomotivførar og fire fantastiske musikarar som konduktørar. Musikken i tingingsverket vil spegle Haakon Aase sin fascinasjon og lidenskap for den norske tradisjonsmusikken så vel som tradisjonsmusikk frå andre delar av verda. Tingingsverket har fått tittelen «Locus» som tyder «stad» på latin. Ordet lokomotiv er derivert frå latin med «locus» og «motivus» som enkelt oversett tyder eit ønskje om å flytte seg frå ein stad til ein annan. På same måte som lokomotiva flyttar seg mellom stader er det lett å tenkje seg at musikken gjer det same.

Medverkande: 
Håkon Aase – fele
Frode Haltli – akkordeon 
Hans Hulbækmo – perkusjon 
Ole Morten Vågan – kontrabass

Tingingsverket er støtta av Telemark fylkeskommune og Kulturdirektoratet. Me takkar! 


Naaljos Ljom
Torsdag 8. august 2024
Pakkhuset ved Bø stasjon. kl. 22:00 
235,- / 435,-* inkl. bill.avg. (*båe konsertar på Pakkhuset)

Tradisjonell folkemusikk i elektronisk tapning
«I dag skal me høyre musikk som ein ikkje fer fram på vanleg orgel eller piano. Dette er folketonar som inneheld tonesteg og intervall som ligg utanfor det vanlege tonesystem».

Dette seier Eivind Groven i opptak som ein introduksjon til «Tolvtalsvisa» på Naaljos Ljom si andre plate som kom i 2023. Det er mange som står utanfor institusjonar og gjer ting sjølv og som kjem fram til veldig interessante idéar på tvers av det etablerte. Eivind Groven var ein av desse. Han byrja å stemme om eit akustisk harmonium allereie på 1930 -tallet og seinere laga han eit reinstemd kirkeorgel og eit rele basert på reinstemd elektronisk orgel. Duoen Naaljos Ljom er sterkt inspirert av Eivind Groven si tilnærming til den tradisjonelle folkemusikken.

Naaljos Ljom blandar tradisjonell norsk mikrotonal folkemusikk med meir elektroniske impulsar. Naaljos Ljom står for illevarslande lydar og reinstemde møte mellom folkemusikk og elektronika. Fele, langeleik, munnharpe møter synthar, rytmar og andre digitale musikkverktøy. Resultatet er slåande vakkert, forførande, mystisk og rytmisk smittande. 


Medverkande: 
Anders Hana – reinstemd gitar, hardingfele, langeleik og munnharpe
Morten Joh – reinstemd synth og trautonium

Velkomen! 

Sist oppdatert: 05/27/2024

Kilde: VisitGrenland AS

Sider du nylig har besøkt