Telemarkfestivalen 2025 | Temakonsert: «Frå Telemark til Amerika»
Knut og Halvor med tonar, skjemt og alvor om Amerika-farande telemarkingar
Kjøp billetter herTemakonsert: « Frå Telemark til Amerika»
Laurdag 9. august 2025
Bø hotell, kl. 18:00 - 19:30
365,- inkl. bill.avg.
Knut og Halvor med tonar, skjemt og alvor om Amerika-farande telemarkingar.
I år det eit nasjonalt emigrasjonsjubileum som markerer at det er 200 år sidan første båt med norske emigrantar sette kurs mot Amerika. Gjennom 1800- og 1900-talet var det mange telemarkingar som freista lukka «over dammen». I denne temakonserten vil tidlegare journalist Halvor Kleppen og meisterspelemann Knut Buen presentere historier, både humoristiske og alvorlege, om telemarkingar som på forskjellige vis gjorde seg merka i Junaiten. Båe to er å betrakte som vandrande historiebøker med god kjennskap til temaet.
Desse gode historiene får sjølvsagt tonefølgje – både frå Knut Buen sjølv, og inviterte musikarar med ein felles interesse for den musikalske kontaktflata til norsk og amerikansk folkemusikk. Det vert musikalske innslag frå Laura Ellestad, Mattis Kleppen og Knut Reiersrud og Anne Gravir Klykken.
Medverkande:
Halvor Kleppen – prat
Knut Buen – prat, hardingfele
Laura Ellestad – hardingfele
Mattis Kleppen – bass
Knut Reiersrud – gitarar
Anne Gravir Klykken – vokal
Velkomen!
Sist oppdatert: 05/14/2025
Kilde: VisitGrenland AS
Telemarkfestivalen 2025 | Temakonsert: «Frå Telemark til Amerika»