Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Brygga Kultursal

Tenorane & Steffen Horn - Så ha ei god jul, då!

  • Tollbugt. 4 - 6, Halden
  • +47 69174500
  • 21. desember 2016 - 21. desember 2016
  •  /  19:00
  • (1 Upcoming Dates)
Overview

Få, om nokon, fenomen har inspirert komponistar og tekstforfattarar i så sterk grad som jula. Ja, det er ikkje ei overdriving å seie at sjølve juletradisjonen først og framst vert formidla og blir halde vedlike gjennom tonar og ord. Kva hadde jula vore utan songane som høyrer til? I spennet mellom ”Så går vi rundt om en enebær busk” og Bachs ”Juleoratorium”, vibrerer julefortellingene seg inn i ryggraden, og aller sterkast når musikken blir framført av pasjonerte kunstnarar som er begava med evna til å sette strengar i bevegelse i mottagelege sinn. 
 
Slike kunstnere er altså Tenorane. Gjennom sin song pustar dei sølvstøv over alle oss som sårt treng ein pause i kvardagane, ein pause for glede og fred og laussluppen , leken latter. Håpet er at førestellinga skal bygge ei bru av ord og tonar frå ein travel kvardag tilbake til barndommens forventningsfulle undring over kva den er, denne høytida, som hjelper oss til å bevare vår barnlige uskyld midt i larmen. 
 
Tenorane er i ferd med å etablere seg som ein av landets framste songtrioar. Repertoaret spenner frå Bach til Beatles, eller frå Puccini til Prøysen, alt formidla med stor musikalitet og humør. 
 
Gruppa består av Henrik Hundsnes, Ola Marius Ryan og Aasmund Kaldestad og den eminente pianisten Steffen Horn. No kastar dei seg over kjente og mindre kjente julesongar, i håp om å bidra til å drysse musikalskt glitter over julefeiringa.

  • Last Updated: 05.12.2016
  • Source: Halden Turist
Dates
onsdag 21. desember 2016

See All
Click to activate
Halden, Norway
The latitude and longitude
59° 7' 7" N / 11° 23' 12" E
Tenorane & Steffen Horn - Så ha ei god jul, då!
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad