Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Toner og Farger Blir Eit Maleri på Mandelhuset

Møt artistane Roger Stangervåg, Heidi Lambach og Oddgeir Røssland i eit inspirerande og spanande samarbeid med malarkunstnar Anne May Tønnesen fra Haugesund. Denne kvelden blir eit maleri skapt fråstart til slutt, samtidig som artistane framfører eigenkomponert musikk på dialekt, og noko improvisasjon. Her blir musikk og fargar til inspirasjon av kvarandre og med dette kan det bli spanande å sjå kva det bringer fram.Me har samtaler undervegs og du får bli kjent med både artistane og malarkunstnaren.Anne May har med tida laga mange malerier og kjem denne kvelden til å ha ein utstillig av maleri  til salgs. 

Artistene!
Heidi Lambach, er fulltidsmusikar og kjem frå Bergen.Til haustenslepp ho sitt andre album og har no i seinare tid gitt ut fleire singlar som og kjem på albumet.Gled deg til å sitte ned og høyre den fantastiske stemma og tekstane som Heidi formidlar på sin eigen dialekt.

Oddgeir Røssland kjem frå Rosendal i Kvinnherad.Er det noko denne karen kan så er det gitar -magisk rett og slett.Oddgeir har seinare tid gitt ut fleire av sine eigne låtar og dei framføres med bandet "Acousti Edition"

Roger Stangervåg kjem fråBømloog er bosatt på Rubbestadneset.Med stor lidenskap for musikk har han no fleire singlar som er utgitt på Spotify og er aktuell med sitt fyrste album til hausten. Musikken er eigenkomponert og synges på dialekt. Me gleder oss veldig til denne kvelden, der tonar og fargar blir til eit maleri.

Konsertstart kl 18:00
Dato: 27. april
Billetter: 250,- pluss avgift.

Sist oppdatert: 04/17/2024

Kilde: Visit Bergen

Sider du nylig har besøkt