Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Torgdagen i Bergen

Kjøp billetter her

På Torgdagen kan du oppleva eit yrande folkeliv og dette er ein festdag for bymann og stril. Torgdagen er årviss og du vil finna kystkultur med gamle båtar, bymann og stril i gamle klede, bodar med sal av mat og varer, kåring av best restaurerte båt og antrekk. Torgdagen i Bergen har sidan 1977 fremja og feira kystkulturen i handelsbyen Bergen og Strilalandet omkring. Frå Strilalandet kjem fjordabåtar, skøyter og robåtar til indre del av Vågen.

Ein kan høyra song, musikk, stev, historier og kjenna lukt og smak av fisk, tradisjonsmat og oppleva tradisjonshandverk for både kvinner og menn. Langs alle kaikantar ligg små og store tradisjonsbåtar og på Torget er folk kledd i gamaldagse klede. På Torgdagen kan du også handle lokalmat og jordbruksvarer i samarbeid med Bondens Marknad.

Torgdagen i Bergen vert gjennomført i samarbeid med kystlag og andre organisasjonar, for å ta vare på gamle handelstradisjonar, å medverke til utvikling av kystkulturen i Bergen og omland.

Torgdagen i Bergen er gratis og tilgjengeleg for alle.

Billetter

Sist oppdatert: 01/14/2025

Kilde: Visit Bergen

Torgdagen i Bergen

Billetter

Sider du nylig har besøkt