Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Tre bøtter til Vaskepott

Mer info

Vaskepott er ei forheksa prinsesse. Før var ho Askepott, som elska å vaske og stulle og stelle i huset. Rett før ho måtte gifte seg med eventyrprinsen, kyssa ho ein magisk frosk og vart til si store glede trolla om til vaskeekte kjerring.
Men... Viss ikkje ho no klarar å få tak i tre bøtter innan klokka slår tolv, vert trolldomen oppheva, og ho vert prinsesse til evig tid - skrekk og gru!! Men hjelpa kjem frå uventa hold...
Ei morosam, spennande og herleg førjulsperle som treff både små og store:)

Med: Lykke K. Moen & Hanne Mellingen
Manus/ idé: Irene Ahnéll
Varer om lag 40 minutt.

Sist oppdatert: 05/22/2024

Kilde: Visit Bergen

Sider du nylig har besøkt