Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Utekonsert med Oldtimers Big Band

Mer info

Storband blir fjordband!

Oldtimers Big Band held tradisjonane i hevd og inviterer til sommarkonsert på Oseana-terrassen 15. juni 2024. Flott storbandmusikk og klassikarar frå Frank Sinatra, Stevie Wonder og Nat King Cole. Medan måkene stemmer i og sommersola skin, kan ein ikkje gjere anna enn å seie som Michael Bublé: "I'm feelin' good".
Når vi snakkar om Bublé: Bjørnafjordens eigen Michael Bublé skal vere med som solist. Fredrik Schmidt Fotland har ei stemme som kan gjere deg mo i knea. Og når vi snakkar om mo: Marita Moe Sandven skal også vere med, med sine nydelige tolkningar av slagarane til mellom andre Natalie Cole og Etta James.  
 
Lytt til musikken. Dans viss du vil. Du er uansett hjarteleg velkomen til sommarfesten!
Varer ca. 2 timar inkludert pause.

Sist oppdatert: 04/12/2024

Kilde: Visit Bergen

Sider du nylig har besøkt