Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Utstilling: «in under genom upp och sedan ut»

Mer info

Velkomen til årets store satsing på tekstilkunst i Galleri Salhus!
«in under genom upp och sedan ut» er ei utstilling kuratert av Anna T. Wolgers (SE), som viser verk av 5 markante nordiske tekstilkunstnarar. Utstillinga opnar laurdag 1. juni kl. 14.
Kunstnarar:
Emilia Elfvik (SE) :: Liisa Hietanen (FI) :: Kari Hjertholm (NO) :: Kari Steihaug (NO) :: Grethe Wittrock (DK)

Ei utstilling med lys på tekstilkunstens relasjon til menneskets indre.

Tekstilen og mennesket har følgd kvarandre lenge, dei kjenner kvarandre på djupet. Tekstile materialar og uttrykk følgjer oss tett gjennom alle livets hendingar. Den tekstile kunsten rører ved sinnet, bokstavleg og symbolsk. Det finns kontakt mellom kollektive erfaringar, materialar og rørsler. Den kan berøre slik ein song berører.

Sist oppdatert: 05/29/2024

Kilde: Visit Bergen

Sider du nylig har besøkt