Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Eastern Norway Tokke

Utstilling og stjernekonsert kring hardingfela

  • Museumsvegen 9, Museumsvegen 9, Høydalsmo
  • +47 35069090
  • 10. november 2019
  •  /  16:00
  • (1 Upcoming Dates)
Overview

I november er det klart for konsert på Vest-Telemark Museum Eidsborg med kanskje landets beste feletrio.

10. november kombinerer VTM markeringa av arkivdagen med ein stjernespekka konsert!

I samband med tema til årets arkivdag "Gjemt eller glemt" ynskjer me å lyfte fram den heller ukjende spelemannen Hans Haugen frå Dalen. Haugen lærte å spele fele av legendariske Lars Fykerud, utvandra til Amerika og vart aktiv i folkemusikkmiljøet der. I forkant av stjernekonserten vil me vise ein mini-utstilling om Haugen, og Kari Lønnestad frå Folkemusikkarkivet vil fortelje og presentere historiske lydopptak.

Stjernekonserten startar deretter med Lars Ingar Meyer Fjeld, Per Anders Buen Garnås og Ottar Kåsa, i dag tre av dei fremste hardingfelespele-mennene i landet. Dei er alle busette i Bø, og dei representerer alle Telemarks-tradisjonen – på kvart sitt vis. Denne tradisjonen er svært rik på slåttetilfang frå langt tilbake. Men det vi ikkje høyrer om like ofte, er at det har blitt laga nye slåttar til alle tider, like fram til vår tid. Mange spelemenn har utvida repertoaret ved å komponere eigne slåttar, og dei slåttane som er laga i seinare år, kjenner vi ofte opphavet til. Spelemenn som Torkjell Haugerud, Johannes Dahle, Eivind Groven med fleire laga slåttar som har blitt tatt i bruk av andre og som har gått inn i speltradisjonen.

Det er dette yngre slåtterepertoaret av namngitte komponistar som er tema for konserten med tittelen Slåttar siste sytti år. Lars Ingar, Per Anders og Ottar har gjort utvalet, og dei vil også ta med slåttar dei sjølv har laga.

Velkomen til ein mangfaldig kveld i folkemusikkens teikn!

INNGANG KR 200,-
KAFFI OG KAKE KR 50,-

  • Last Updated: 18.10.2019
  • Source: Vest Telemark
Dates

sø. 10. november 2019 16:00 17:00

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
Utstilling og stjernekonsert kring hardingfela
Your Recently Viewed Pages