Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Stavanger

Velferd med eller utan profitt?

Overview

Velferd med eller utan profitt? Privatisering av velferdstenester er ei av sakene som framleis skil høgre- og venstresida i norsk politikk.

Velferd med eller utan profitt?

Privatisering av velferdstenester er ei av sakene som framleis skil høgre- og venstresida i norsk politikk. Spørsmålet stod sentralt i ei rekke kommunar i den siste valkampen. Med slagord som "bestemor på anbud" og "velferdsprofitørar" har venstresida gått hardt ut mot kommersialisering av helse, omsorg og utdanning. Høgresida helsar derimot private aktørar velkommen og trur at konkurranse vil føra til kvalitetsheving og effektivisering.

Kva er grunnen til at dette spørsmålet vekker så sterke kjensler? Kva står på spel? Kan det byggjast bru mellom dei to sidene, eller vil privat velferd vera ei viktig stridssak i politikken også i åra framover? Og kva er fakta bak retorikken?

Kåre Hagen, professor og leiar for Senter for velferds- og arbeidslivsforskning ved universitetet OsloMet, innleier til debatt. Han er også aktuell som leiar av eit regjeringsoppnemnt utval som skal sjå på bruken av private velferdsleverandørar.

I debatten deltar også:
Kristin Clemet, dagleg leiar i den liberale tankesmia Civita
Linn Herning, dagleg leiar i Alliansen for Velferdsstaten
Helle Stensbak, økonomisk kommentator og tidlegare sjeføkonom i Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS)

Debattleiar: Harald Birkevold, kommentator i Stavanger Aftenblad

  • Last Updated: 10.09.2019
  • Source: Region Stavanger
Dates

to. 24. oktober 2019 16:00

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
Velferd med eller utan profitt?
Your Recently Viewed Pages